Vegen blei stengd då ein bil stod i full fyr på veg opp Fanafjellet frå Fana.
Vegen blei stengd då ein bil stod i full fyr på veg opp Fanafjellet frå Fana.

Bil i full fyr på vegen opp til Fanafjellet

– Vi måtte snu og køyra rundt, fortel John H. Haugland.

Kring klokka halv ni torsdag morgon var Haugland på veg over Fanafjellet. Der var vegen stengd grunna ein bil som stod i full fyr.

– Bilen var overtent då eg kom der. Eg var nummer fire eller fem i rekkja. Politiet var der eit par minutt etter at eg kom til staden, fortel Haugland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare fortel Haugland at han valde å snu.

– Eg veit ikkje om vegen blir stengd i lang tid. Eg valde å snu og køyra rundt.

Veit ikkje årsaka

Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Terje Magnussen, fortel klokka ti på ni at det ikkje er kome meldingar om at vegen er opna igjen.

– Veit politiet noko om kva som har skjedd?

– Nei. Det vi veit er at ein bil stod i full fyr. Vi veit ikkje noko om årsaka enno. Bilen står på vegen opp Fana-sida.