annonse

Bil mot buss på Hetleflåten: Bilførar omkom

Ulukke
Ulukke: Luftambulansen er på staden.
Open
Open: E39 er open att etter ulukka fredag.
Hetleflåten
Hetleflåten: Ulukka har skjedd like ved oppkøyringa til Os VBA.
Hetleflåten: Ulukka skal ha skjedd på Hetleflåten i 70-sona mellom Søfteland og UNO X.

Luftambulansen kom til staden, men livet stod ikkje til å redda.

Jostein Halland

Det melder 110 på Twitter.

Politiet melde raskt på Twitter at det var snakk om "ei alvorleg trafikkulukke".

Føraren av personbilen, ei kvinne, var fastklemt og bevisstløs etter ulukka. Luftambulansen kom  til staden.

09.36 opplyser politiet at kvinna er erklært død på staden.

Ulukkesgruppa til Statens vegvesen og krimteknikarar frå politiet er på veg til staden.

Vegen vil bli stengt inntil vidare.

Bussjåfør og to passasjerar blir undersøkt av helse, og framstår som uskadde.

Bussen kom frå Bergen.

Det er lange køar i området. Omkøyring via Fanafjellet for personbilar. Tyngre køyretøy må avventa.

Hetleflåten
Hetleflåten: Ulukka har skjedd like ved oppkøyringa til Os VBA. Foto: -
Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut