Førarkortet til ein mann fødd i 1988 blei beslaglagt torsdag kveld.
Førarkortet til ein mann fødd i 1988 blei beslaglagt torsdag kveld.

Bilførar påverka av narkotika

Torsdag kveld i 21.30-tida, stoppa politiet ein bil på Byvegen. Det førte til eit førarkortbeslag.

– Politiet tok prøver på staden som viste at vedkomande var påverka av narkotika. Bilføraren, ein mann fødd i 1988, blei teken med til legevakta for utvida prøver. Det er per no ikkje kjent kva stoff han hadde rusa seg på. Førarkortet blei beslaglagt, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Hans Eirik Thue.