Torsdag kveld kom Ole Reinert Berg Olsen ut med sin nye video «Road to Riches». Fleire osingar er med i videoen.
Torsdag kveld kom Ole Reinert Berg Olsen ut med sin nye video «Road to Riches». Fleire osingar er med i videoen.

– Bilvideoen måtte berre ut

Ole Reinert Berg-Olsen er overgjeven over kor mange som ville bidra til den nye videoen hans.

«Road to Riches» vart sleppt på samtlege streamingtenester fredag. Dagen i førevegen var videoen tilgjengeleg på Youtube.

– Det var så stor interesse for videoen at eg følte eg måtte få han ut. Eg er overgjeven over folks mange gode bidrag, seier Os-artisten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nær 200 bidrag

Ettersom låten handlar om det å konstant vera på veg - på veg mot ein annan stad – følte låtskrivar Berg-Olsen det var på sin plass at den menige mann tok del i videon. Følgjeleg inviterte han folk til å senda inn sine eigne køyre-filmar.

– Responsen var enorm. Eg trur mange syntest det var eit morosamt konsept. På videoen har eg truleg brukt opp mot 200 videosnuttar som eg har fått tilsendt, seier Ole Reinert.

Plassane folk har filma frå er vidt forskjellege.

– Det er køyrebilete frå heile landet, Os, Bergen, Hordaland, men også frå 25 andre land. Resultatet har blitt ein fin kolasj med køyrebilete frå ulike område, fortel Ole Reinert.

Nyta nuet

Låten er munter, men under det drivande kompet lurar også nokre djupare spørsmål.

– Me er komne langt som kan reisa rundt og oppleva, sjå verda og ha det bra, men er me flinke nok til å nyta nuet, spør Ole retorisk.

Han meiner den vestlege delen av verda i for stor grad er driven av å nå materialistiske mål.

– Eg trur ikkje rikdom er vegen til lukke. Det er kanskje noko av bodskapet i songen, seier Ole Reinert.

Artikkelen held fram under annonsen.

Album til hausten

«Road to Riches» er andre singel frå ORBOs komande soloplate – ei soloplate som blir hans fjerde.

– Det er blitt nokre utgjevnader med åra. Med Longshots-platene har eg gjeve ut ni når denne vert sleppt.

– Når skjer det?

– Truleg til hausten.

– Når kan osingar og andre få høyra den nye låten live?

– Eg har ikkje heilt landa alle avtalar framover, men eg skal spela på Madam Felle i Bergen i mai. Då blir den nok med på setlista, avsluttar han.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no