Det er meldt sterk vind i kveld og i natt.
Det er meldt sterk vind i kveld og i natt.

Bind fast julenissen og sikra båten – no kjem stormen

Den verste, intense nedbøren er snart over, men vêret skal bli verre.

– Det går ein front over Vestlandet no. Det er intenst regnvêr, slik vi hadde gjennom dagen i går også. Dette vil vara om lag ein time til, før vi får inn byeluft. Det vil koma kraftige byer, kanskje også torevêr, men regnvêret vil ikkje vera like intenst, fortel vakthavande ved Meteorologisk institutt, Kristin Seter.

Må sikra nissen

I ettermiddag blir det ekstra høg flo, og Meteorologisk institutt har sendt ut obs-varsel. Det er venta full storm i kveld.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er fare for ein sterk kortvarig storm. Det er berre til å sjekka båten og naustet og binda fast lause gjenstandar, som julenissen, seier Seter og held fram:

– Det er blitt så trendy med desse store julenissane. Det er absolutt fare for å sjå nissen fly gjennom nabolaget om ikkje han er sikra.

Seter legg til at alt av lause gjenstandar må sikrast.

– Bur ein langs kysten på Vestlandet og har ein trampoline i hagen, så må han sikrast.

Håp over helga

Det er ifølgje vêrvarslinga mogleg at stormen held fram også fredag.

– Det vil blåsa storm i morgon også, men styrken vil minka i løpet av dagen. Det er også meldt ein del vind laurdag, men då er det ikkje lenger ein storm, seier Seter.

– Det er med andre ord ikkje noko umiddelbar betring å spora i vêrbiletet?

– Det er håp over helga, men det er lenge til, så det er framleis usikkert. Det er i alle fall potensial for finare vêr og rolegare forhold då, seier Seter,

Artikkelen held fram under annonsen.

Nedbør og vind

Frå onsdag klokka 07.00 til kl. 19 kom det 30–60 mm nedbør mange stader i Hordaland. Frå onsdag kveld til tidleg torsdag ettermiddag er det venta svært mykje nedbør. Lokalt er det venta 40–60 mm på tolv timar. Til saman kan det koma 200–300 mm i løpet av tysdag, onsdag og torsdag. Torsdag kveld er det venta ein auke til vestleg, full storm med 25 m/s på kysten og i fjellet, natt til fredag dreiande nordvest. Det er venta vindkast på 30–40 m/s inn over land.