Førebels skin sola over Os og Fusa, men før morgondagen bør du ha festa trampolina di godt.
Førebels skin sola over Os og Fusa, men før morgondagen bør du ha festa trampolina di godt.

Bind fast trampolina i dag!

For i morgon kjem den fyrste hauststormen.

Onsdag kveld slår restar av den tropiske orkanen Helene inn over vestlandskysten, og Os og Fusa kan venta seg full storm.

– Dei sterkaste kasta kan koma opp i 25-30 meter per sekund. Det er ganske heftig, seier meteorolog Ingrid Bentsen ved Meteorologisk Institutt i Oslo.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho rår oss til å pakka ned både trampoliner, hagemøblar og andre lause gjenstandar før morgondagen.

Natt til torsdag vil vinden, som er venta å blåsa sørleg og sørvest, løya og minka til kuling på dagtid.

I tillegg til vind, kan vi venta oss ein god del nedbør dei neste dagane.

– Ja, dessverre er det ikkje ein heil dag med opphald i sikte denne veka. Det vil regna jamnt og trutt, men ikkje i så store mengder om gongen, lovar meteorologen.

Skiftar fort

Bjørnafjordingane har opplevd svært vekslande vêr dei siste vekene. Alt frå voldsomt regn, sol og varme til lyn og torden. No ventar hauststormane.

– Det er heilt normalt med skiftande vêr no på hausten. Dess meir vi nærmar oss vinteren, dess fleire stormar vil vi også få, seier ho.

anne-marie@osogfusa.no