Sist veke hadde koret storkonsert i aulaen til Nore Neset Ungdomsskule.
Sist veke hadde koret storkonsert i aulaen til Nore Neset Ungdomsskule.

Bjørnafjorden-koret hadde storkonsert i aulaen på Nore Neset

Det vibrerte latinotakt i blodet til alle som var på konserten med Bjørnafjorden-koret på Nore Neset.

Koret består av menneske med ekstra utfordringar (og kven har vel ikkje det?).

Tidlegare heitte koret «Lizzie Tunes», før det gjekk over til «Gøy med musikk». Men no er det nye tider og nye folk. Og ikkje minst: Snart ny kommune!

Artikkelen held fram under annonsen.

Derfor tek vi oss den fridom å ta oss eit nytt, gildt namn: Bjørnafjorden-koret.

Våre eminente leiarar er Anne Leni Søfteland Sæbø og Terje Neset. Dei tek musikken og songen til nye høgder. Sist veke hadde vi storkonsert i aulaen til Nore Neset Ungdomsskule.

Latinoaften heitte det. Koret vårt song med stor innleving, samtidig som dei tromma sambatakt. Susanne og fleire andre song solo.

Solistane våre var av verdensformat - Marius Neset på saksofonar av fleire slag, Helge Haukås på trompet og jammen dukka ikkje Oddgeir Bjelland opp på saksofon også.
Solistane våre var av verdensformat - Marius Neset på saksofonar av fleire slag, Helge Haukås på trompet og jammen dukka ikkje Oddgeir Bjelland opp på saksofon også.
Våre eminente leiarar er Anne Leni Søfteland Sæbø (t.v.) og Terje Neset. Dei tek musikken og songen til nye høgder.
Våre eminente leiarar er Anne Leni Søfteland Sæbø (t.v.) og Terje Neset. Dei tek musikken og songen til nye høgder.

Solistane våre var av verdensformat: Marius Neset på saksofonar av fleire slag, Helge Haukås på trompet og jammen dukka ikkje Oddgeir Bjelland opp på saksofon også.

Gjett om det svingte denne kvelden! Det vibererte latinotakt i blodet til alle som var der. Det var ein magisk kveld!

Musikk er eit universalt språk. Det er noko alle forstår seg på, og har glede av. Det er Bjørnafjorden-koret eit godt døme på.

Bente Borghild Hauge