Magne Djuvik (Frp) og Roger Hoel (H) er glade for at fusingane ønskjer fortsatt borgarleg styre.
Magne Djuvik (Frp) og Roger Hoel (H) er glade for at fusingane ønskjer fortsatt borgarleg styre.

Blå jubel etter at 99 prosent er talt opp i Fusa

Roger Hoel (H) og Magne Djuvik (Frp) storkoste seg på ein valvake der den eine gladmeldinga etter den andre tikka inn. – Utruleg kjekt med ein så klar lokal siger for Høgre, seier Hoel.

Me møter Rogel Hoel og Magne Djuvik på Osøyro, der dei teltok på same valvake måndag kveld. Klokka var ti minutt etter kl. 22, og 99,8 prosent av røystene i Fusa var opptalt. Roger Hoel hadde ikkje høyrt om det gode resultatet partiet hans, Høgre, hadde gjort i Fusa, då Os og Fusaposten presenterte dei for han.

– Har Høgre gått fram med 3,9 prosent? Det er jo heilt glimrande! sa ein tydeleg nøgd Hoel.

Artikkelen held fram under annonsen.

Høgre har gått frå 26,1 i 2013 til 29,8 i år. Også Frp har gjort det bra lokalt med ein framgang frå 17,1 til 18,1 prosent.

- Fusingane frykta dei raudgrøne

– Eg har hatt ei god kjensle lenge før valkvelden. Eg trur det er to årsaker til at me gjer det så bra. Det eine er at folk har frykta raudgrønt kaos med MDG på vippen. Det andre er at folk rett og slett er nøgde med styret me har. Det er i alle fall det fusingane eg har snakka med, seier Djuvik.

– Og kva meiner du, Hoel?

– Me er valets vinnar, og det er ekstra kjekt å gjera det såpass godt på heimebane, seier ex-Frp—aren.

– Dette kjem nok av at eg har køyrt rundt seint og tidleg med valkamp-materiale for Høgre! Neidå, eg meiner at Erna har vist seg å vera ein skikkeleg leiar for landet vårt, og det er fusingane samde i.

Kraftig nedtur for KrF

I kommunen der KrF tradisjonelt har stått sterkt  har partiet lite å gle seg over. I høve til 2013 har partiet gått tilbake med heile 4,1 prosentpoeng (frå 12,3 til 8,2) mot ein tilbakegang på 1,2 prosentpoeng på landsbasis (når 66 prosent av røystene er talde).

– Kvifor trur de at KrF går så kraftig tilbake?

– Den nasjonale trenden er ein ting sjølvsagt. I tillegg kan det tenkjast at dei blir straffa for kursendringa KrF gjorde lokalt. (KrF snudde i skulesaka og braut dermed ein avtale dei hadde hatt med Frp, Ap og V),

Artikkelen held fram under annonsen.

Elles går også Arbeidarpartiet noko tilbake. Atle Kvåle må konstatera ein tilbakegang i høve 2013 på 1,5 prosentpoeng. Ei mager trøyst kan vera at tilbakegangen ikkje er like sterk som Ap nasjonalt.

– Ap gjer det sterkare i Fusa under kommunestyreval, så det går ikkje an å samanlikna direkte med eit Stortingsval, seier Kvåle.

HER KAN EIN SJÅ FUSA-resultatet når 99,8 prosent er ferdig talt.