Torstein Kolle blei nummer to i skule-NM i anleggsmaskinkøyring sist veke.
Torstein Kolle blei nummer to i skule-NM i anleggsmaskinkøyring sist veke.

Blant dei beste anleggsmaskinførarane i skule-Noreg

Torstein Kolle (17) tok sølv i skule-NM i anleggsmaskinkøyring før helga.

– Eg er veldig nøgd med resultatet. Vi var tolv elevar som konkurrerte, då er det kjekt å ta sølvet, seier Kolle, som er elev på Os vidaregåande skule.

Éin frå kvart fylke

Meisterskapen blei arrangert på Solør vidaregåande skule, avdeling Våler. Det er berre éin kandidat som får delta frå kvart fylke, og det var fylkesvise kvalifiseringsrundar i forkant. Det er inga aldersgrense i tevlinga, men alle deltakarane må gå ordinære løp i vidaregåande skule. Det er WolrdSkills Norway som står bak arrangementet. Skule-NM skil seg frå andre yrkeskonkurransar ved at dei berre er for skuleelevar, først og fremst på Vg-2 nivå. Tidenes første skule-NM blei arrangert i april i 2017.

Artikkelen held fram under annonsen.

Pallen

Deltakarane konkurrerte med dumper, hjullastar og gravemaskin. Samanlagtvinnaren blei Tor Eivind Kristiansen frå Solør vidaregåande skule. Andreplassen gjekk til Torstein Kolle frå Os vidaregåande, medan Gisle Gravdal frå Øksnevad vgs. tok bronsen.