(
(

Blei fråteken førarkortet etter samanstøyt med fjellvegg

Politiet i Fusa måndag kveld melding om at ein bil hadde køyrd i fjellveggen i nærleiken av Kilen.

– Vi fekk melding frå operasjonssentralen i går kveld klokka 18.30, fortel politibetjent Kjartan Svendsen.

Vidare fortel Svendsen at det var store skader på bilen, men at føraren, ein mann i 50-åra, kom frå ulukka uskadd.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ikkje mistanke om rus eller promille. Vi mistenkjer heller ikkje at han køyrde for fort. Førarkortet blei beslaglagt, seier Svendsen.