Grunna ei brannutrykning var det berre kring halve staben i Os og Fusaposten som fekk høve til å vera med på «Halv-to-badet» torsdag. I morgon gjer me det igjen. Me håpar de blir med.
Grunna ei brannutrykning var det berre kring halve staben i Os og Fusaposten som fekk høve til å vera med på «Halv-to-badet» torsdag. I morgon gjer me det igjen. Me håpar de blir med.

Bli med på halv-to-badet!

Os og Fusaposten lanserer halv-to-badet. I tropevarmen er «alt» lov.

Torsdag la dei tilsette i Os og Fusaposten ned arbeidet for nokre gode minutt og unna seg eit aldri så lite bad i tropevarmen. Lokalavisa utfordrar no alle bedrifter og arbeidsplassar i Os og Fusa til å la dei tilsette få lov til å gjera det same. Neste halv-to-bad går – ja, nettopp – klokka halv to i morgon (fredag).

Senda oss bilete og video

Eit kjølande avbrekk frå varmen gjer ingen skade, heller tvert i mot. Dei mange som sit og trykkjer på eit kontor, ekspederer kundar utan vifte ved kasseapparatet, eller står og sveittar på eit lagar i varmen. No må så mange som mogleg få løyve frå sjefar, direktørar, formenn og andre leiarar til å bada i morgon (fredag). Det er tropevarme i mai...Dette må markerast!

Artikkelen held fram under annonsen.

Send oss bilete av dine kollegaer når dei tek «Halv-to-badet» i morgon. Merk bilete i instagram eller på facebook med#halvtobadet!  Det går også an å senda epost tilpost@osogfusa.no.  La oss gjera det til ein farsott. Bli med!

kenneth.svenningsen@osogfusa.no