annonse

Blind vald og ring på spring

Esso-slagsmål
Esso-slagsmål: Ein mann vart gjentekne gonger lagt i bakken av ukjende menn natt til søndag. (Foto: Øystein Lid)

Gutestrekar på Nore Neset nattestid og vald i Os sentrum, er noko av det politiet har i sin lensmannslogg for siste døgn.

Øystein Lid

Rundt klokka 1.30 i natt fekk politiet to separate meldingar om at nokon har hatt «ring på, spring» i Skeisleira på Nore Neset.

– Politiet hadde ikkje kapasitet til å følgja det opp, seier operasjonsleiar Kjersti Eidsnes.

Fekk bank av ukjende menn

Rundt klokka 3.50 rykte politiet ut til Esso-stasjonen etter rapportar om slagsmål. 
– Ein mann blei slått og dytta ned i bakken av fleire menn. Den fornærma kjende ikkje desse personane, seier Eidsnes.
Den fornærma vurderer å anmelda forholdet.

Elles viste politiet bort ein kverulant frå Catten i Os sentrum, og gjennomførte ein resultatlaus alkometertest.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.