annonse

Blir gratis Wi-fi på Osøyro

Fri nett-tilgang i Os
Fri nett-tilgang i Os: Næringssjef Daniel Skotheim gler seg over det aukande livet i Os sentrum. Til sommaren lovar han fri Wi-Fi over heile Osøyro. (Foto: )

Os kommune held fram med å betra fasilitetane i Os sentrum. Snart tilbyr dei gratis Wi-Fi for besøkande.

I årevis har dei jobba for «Liv på Øyro». På 17. mai kunne Os sentrumsforening og Os kommune gleda seg stort over rekordstort oppmøte av feststemnte osingar i sentrum. Mykje tyder på at opprustinga av Bydraget og dei nye restaurantane gjer at folkelivet vert stort også vidare utover i sommarsesongen.

Gratis teneste

For å gjera det endå meir attraktivt å ta turen til sentrum, lokkar Os kommune no med gratis Wi-Fi.

– Me har ferdigforhandla avtale med leverandør og reknar med å ha oppegåande teneste innan me når fellesferien, seier næringslivssjef i Os kommune, Daniel Skotheim.

Han legg til at nett-tilgangen sjølvsagt vert gratis, og at tenesta vil bli mogleg å kopla seg på i store deler av sentrum.

– Me jobbar med lokalisering av antenner. Kontraktane er signert, seier han.

Digital turistinfo

Enkel tilgang til nett-teneste i Os blir viktig også med tanke på å kunne serva turistar.

– Me tenkte lenge på å få ei lita turistinfo-avdeling i Torgbygget, dette er no sett litt på vent. I staden ser me litt på andre høve for å samla turistinformasjonen for Os på ein stad. Til dømes på ei nettside, i ein App, eller i trykka versjon. Det viktigaste er å samla informasjonen på ein stad, og gjera den tilgjengelig. Me pratar med FjordNorway og Visit Bergen for å høyra kva erfaringar dei har, så får me sjå kva det blir til her, avsluttar Skotheim.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.