Bølgjene slo høgt og kraftig inn over kaien ved Peppes Pizza og skal ha skubba utemøblar gjennom ruta slik at vatnet fossa inn.
Bølgjene slo høgt og kraftig inn over kaien ved Peppes Pizza og skal ha skubba utemøblar gjennom ruta slik at vatnet fossa inn.

Bølgene slo innover Peppes

Vinden har teke seg kraftig opp utover kvelden. Høge bølger har skubba utemøblar inn gjennom eit vindauge på Peppes slik at vatnet fossar inn.

Vakthavande ved 110-sentralen stadfestar at sjøsprøyten sto inn vinduet i restauranten på grunn av høge bølger etter at nokre utemøblar vart skubba gjennom ruta.

Politi og brannvesen er på staden. Ingen personar er skadd og det er ikkje noko behov for evakuering av restauranten, opplyser politiet på Twitter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Også inne i sentrum tok vinden godt og i lokala til Os & Fusaposten sprakk eit av vindauga i dei kraftige vindkasta.

Fergesambandet Halhjem-Sandvikvåg har og har hatt fleire innstilte avganger grunna den sterke vinden. Både fergene frå Halhjem 18.30 og 21.00, og frå Sandvikvåg klokken 19.15 og 20.45 har vortne innstilte.

Over 3600 personar i Hordaland skal vera råka av strømstans i 21-tida onsdag kveld. På dette tidspunktet er det ikkje meldt om problem frå Os og Fusa frå BKK si side.

Eitt av vindauga i Øyro 31 gav etter i kveldens vindkast. Då gjeld det å sikra seg om best ein kan. Her måtte glassmeister Austevoll til pers.
Eitt av vindauga i Øyro 31 gav etter i kveldens vindkast. Då gjeld det å sikra seg om best ein kan. Her måtte glassmeister Austevoll til pers.

Dei oppdaterer sine nettsider kontinuerleg på: http://bkk-web.bkk.no/stromstanstemplate/