Helin Serin fristar kundane med nybakte bollar i butikken kvar dag.
Helin Serin fristar kundane med nybakte bollar i butikken kvar dag.

Bollesuksess på Søfteland: Vinnaren vert avslørt i kveld

Kor mange bollar selde Joker Søfteland i 2017? Nærbutikkens gjettekonkurranse har skapt stort engasjement.

Joker Søfteland har i januar hatt ein konkurranse der kundane skulle gjetta kor mange bollar butikken selde i fjor. Premien i konkurransen går til eit velgjerande føremål. Og svaret?; langt over 20.000 (!) bollar.

I konkurransen avslørte dei talet på selde bollar fram til desember, siste månaden måtte ein sjølv finna ut.

Artikkelen held fram under annonsen.

Over 300 kundar har prøvd seg i konkurransen, og ein av kundane bomma med berre eit par bollar, fortel dagleg leiar Tom Rune Solheim og legg til at konkurransen blir avslutta i kveld.

Veldedigheit

Premien til den heldige som gjettar riktig er eit gåvekort på 2000 kroner til eige bruk, og ein sjekk på 5000 kr til veldedigheit eller eit lokalt lag,

- Eg fekk ideen ein kveld eg sat saman med nokre kompiser som er butikksjefar i andre daglegvarekjedar, fortel Solheim.

Han fortel at dei diskuterte «Espa-bollane» og Shell-stasjonene sin suksess. Dei var einige om å setja seg eit mål for sal av bollar i butikkane.

- For å gjera det meir bindande, skulle kundane vita om målet, seier han.

At valet fall på skillingsbollar, var eit ynske frå butikksjef Helin Serine. Ho var inspirert av skillingsbollane dei selde i Hegglandsdalen tidlegare.

Gjennom heile året lokka dei kundane på nettsida med bileter av nybakte bollar. Dette bar frukter, og salget gjekk over all forventing.

Det endelege talet vert avslørt i kveld.