(
(

Born blei vitne til vald

Ein mann, som fredag fekk besøksforbod mot ekskona, kom på besøk igjen tysdag. Då skal han ha vore valdeleg.

Mannen, som er i 30-åra, besøkte sin tidlegare ektefelle fredag kveld. Det skal ha utvikla seg slik at politiet måtte ta affære. Han fekk besøksforbod etter den hendinga, men tysdag var han tilbake på adressa til kona. Då skal han ha blitt valdeleg med ho framfor borna.

– Vi har hatt mannen i arresten til avhøyr. Saka er vurdert av ein jurist, og han vil bli framstilt for varetektsfengsling. Det er nokre forhold vedrørande personen – og historikken til paret – som gjer at ein vil varetektsfengsla han, fortel politioverbetjent, Audun Hadler-Olsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Usikra last

Utrykningspolitiet (UP) stansa eit køyretøy på Søfteland etter mistanke om køyring i rusa tilstand.

– Narkotika-testen på staden viste ikkje utslag, men det er mistanke om at mannen i 30-åra var påverka av tablettar. Det er førebels ikkje teke beslag i førarkortet, seier Hadler-Olsen.

Onsdag måtte eitt felt i Liafjellstunellen stengjast grunna gjenstandar som fall frå ein hengjar.

– Vegtrafikksentralen hjelpte til å rydda opp. Politiet har vore i dialog med personen som køyrde hengjaren. Han vil bli meldt for ikkje å sikra lasten sin godt nok. Det er stort farepotensial i det, seier Hadler-Olsen.