Alle etatane var raskt på staden etter meldinga om røykutvikling i ein bustad i Industrivegen.
Alle etatane var raskt på staden etter meldinga om røykutvikling i ein bustad i Industrivegen.

Brann i bustad i Industrivegen

Både politi, legevakt, ambulanse og brannvesen rykte sundag føremiddag ut til bustadene i Vartun nedom Meny. Politiet ber om tips frå publikum i tilfelle nokon har sett kven som tende på.

Ein tipsar melder om tjukk røyk frå bustadene i Vartun, som ligg nedom Meny. Klokka 10.45 melder brannvesenet på Twitter at brannen var sløkkt .

- Det kan raskt spreia seg i eit slikt bygg, men brannen var sløkkt då me kom fram til staden, fortel Arne Monsen frå Os brann og redning.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tende på open eld på terrasse

Operasjonsleiar Jon Endre Skeie fortel at dei først fekk tips om at røyk og opne flammar, men då dei kom fram til plassen såg dei ikkje det. Men dei kunne lukta svidd lukt, og dei såg at det hadde vore eld ute på ein terrasse.

– Noko slikt tenner jo ikkje på seg sjølv. Me ber difor publikum om tips dersom dei har sett noko. TIl dømes om dei har sett nokon som forlot staden om lag samtidig med at dette hende, seier SKeie.

– Betyr det at de mistenkjer at nokon har tent på som ikkje bur her?

Arne Monsen leidde Os brann og redning si utrykning.
Arne Monsen leidde Os brann og redning si utrykning.
Ved Vartun
Ved Vartun
Legevakt og brannvesen var raskt på staden.
Legevakt og brannvesen var raskt på staden.

– Det veit me ikkje på noverande tidspunkt. Det kan også henda at det har vore ein teknisk installasjon som har ført til branntilløpet for alt me veit. No går me breitt ut, og ber publikum om hjelp dersom dei har sett noko.

Politiet fekk meldinga klokka 1030 og var på staden få minuttar seinare.