Fredag kveld måtte brannvesenet i Os sløkkja ein brann i ein konteinar i Kolskogen. (Illustrasjonsfoto)
Fredag kveld måtte brannvesenet i Os sløkkja ein brann i ein konteinar i Kolskogen. (Illustrasjonsfoto)

Brann i konteinar

Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melder om ei roleg natt til laurdag i Os og Fusa. Brannvesenet i Os måtte sløkkja ein brann i ein konteinar før helgefreden roa seg.

I 19-tida fredag fekk brannvesenet i Os melding om brann i ein konteinar i Kolskogheiane.

– Det var ikkje tilsette til stades då det byrja brenna, men folk som køyrde forbi meldte frå om at det kom flammar ut av konteinaren. Det var ein forbrenningskonteinar fylt med ved, opplyser vakthavande befal i helga, Arne Monsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brannvesenet rykte ut til staden og sløkte brannen raskt.

– Det låg nokre pallestablar i nærleiken som eventuelt kunne ha teke fyr, men noko stor spreidningsfare var det ikkje, seier Monsen og legg til:

– Politiet var også på plass for å snakka med dei som eig konteinaren.