annonse

Brann i tørketrommel: – Dette viser kor viktig det er å vera til stades når ein brukar tørketrommelen

Brann i tørketrommel
Brann i tørketrommel: Politi, helse og brannvesen rykte ut til Kuhnlevegen etter at det starta å brenna i ein tørketrommel. (Foto: Benjamin Søgnen Olsen)

Det blei meldt om brann i ein tørketrommel i Kuhnlevegen onsdag ettermiddag. Heldigvis var det folk heime i huset.

Benjamin Søgnen Olsen

– Det kom inn melding om brann i tørketrommel. Vi rykte ut til adresse og sende inn røykdykkarar som sløkte brannen. Ei kvinne blir sjekka av helsepersonell etter å ha pusta inn røyk. Vi ventilerer og sjekkar huset, fortel Arne Monsen i Os brann og redning.

Viktig å vera heime medan ein vaskar klede

Det ser ut til å vera avgrensa skade på huset etter brannen.

– Det kunne ha gått verre om ingen var heime. Ein bør aldri bruka tørketrommel, vaskemaskin og slikt om nettene når ein søv eller om ein er ute av huset. Dette er nok eit eksempel på kor viktig det er å vera til stades med slike apparat i gang. Om ein er heime, er i alle fall sjansen stor for at ein får stoppa det kjapt, seier Monsen.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut