Os fekk assistanse frå brannvesenet i Fana. Rune Balland og Jarle Brunborg, som bur rett ved der det brann, fortel at opplevinga var skummel.
Os fekk assistanse frå brannvesenet i Fana. Rune Balland og Jarle Brunborg, som bur rett ved der det brann, fortel at opplevinga var skummel.

Brannen på Balandsneset: – Brannen var 20 meter unna huset vårt

Lise Balland forstod ikkje kva som skjedde då eit helikopter plutseleg svevde over taket, og brannbilar parkerte på tunet.

– Det var først då eg såg at det brann i skogen. Eg veit ikkje kven som har meldt frå. Det er sikkert ein nabo, seier Balland og held fram:

– Dei sa at vi måtte vera klare for å evakuera. Heldigvis klarte dei å få kontroll kjapt. Vi skal ha konfirmasjon her i helga. Frykta litt at det ikkje skulle late seg gjera, seier Balland og ler.

Artikkelen held fram under annonsen.

Balandsneset er på Drange i Lysefjorden.

Frykta for to einebustader

Det var rett før klokka 13 at det kom melding om brann på Balandsneset. I 14-tida skal brannvesenet ha fått kontroll på situasjonen.

Varabrannsjef, Arne Monsen, seier at situasjonen var dramatisk.

Totalt skal to mål ha brent. Brannvesenet fekk kontroll ein time etter at meldinga kom inn.
Totalt skal to mål ha brent. Brannvesenet fekk kontroll ein time etter at meldinga kom inn.

– Flammane stod høgt. Vinden kom i verst tenkjeleg retning, og ei stund frykta vi for to av einebustadane i området. Totalt er det to mål som no er brent, seier Monsen.

Brannvesenet skal ha brukt knappe 15 minutt frå meldinga kom til dei var på staden, og med god hjelp frå Fana, fekk dei kontroll på situasjonen før det gjekk ut over hus og hytter.