Test av brannslangen, tur i brannbil, kunnskapsløype og informasjon om branntryggleik var berre noko av det som stod på programmet under open dag ved brannstasjonen i Fusa laurdag.
Test av brannslangen, tur i brannbil, kunnskapsløype og informasjon om branntryggleik var berre noko av det som stod på programmet under open dag ved brannstasjonen i Fusa laurdag.

Brannvernveka: Med branntryggleik i fokus

Tre av fire familiar har aldri hatt brannøving heime, ifølgje ei ny undersøking. Branntryggleik i heimen er hovudtema når brannvesen over heile landet i desse dagar inviterer til Open brannstasjon.

I Fusa var det open brannstsjon i helga som var.

Oppmøtet var ifølgje brannsjef Gunnar Hatlelid veldig bra.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var fullt i dei tre timane vi hadde ope. Eg kan tenkja meg at det kom kring 500 personar. Det er bra for ein kommune med om lag 4.000 innbyggjarar, seier Hatlelid, som var oppteken med å skriva diplomar storparten av tida.

Ei kunnskapsløype, samt generell informasjon om branntryggleik, var noko av det som stod på programmet.

– I tillegg fekk borna køyra brannbil og spruta vatn. Og så var det gratis lappar og kaffi, så både store og små var nøgde med opplegget, seier brannsjefen.

På Os får små og store høve til å ta bransstasjonen nærare i augesyn komande laurdag.

Sikra heimen

På kring 350 stader over heile landet inviterer brannvesenet til Open brannstasjon. Dette er lagt opp som ein familieaktivitet, der born og vaksne får opplæring i korleis ein kan sikra heimen mot brann. Konkurransar, sløkkjedemonstrasjonar og brannbilar er noko av det ein kan oppleva.

- Open brannstasjon har blitt en fin tradisjon som gir oss eit unikt høve til å formidla brannførebyggjande bodskap til eit interessert publikum. Vi gleder oss, og håper mange kjem på besøk, seier Anne Kjersti Storebø, leiar for førebyggjande avdeling i Os Brann og redningsvesen.

I vårt distrikt er det Os Brannvesen og legevakta som står for gjennomføringa av arrangementet.

Storebø fortel at born kan ta med bamsen eller dokka si denne dagen då legevakta har sjukestove for dei som treng tilsyn og pleie.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ambulansen er stasjonert i beredskapsbygget, og har dei ledig kapasitet får vi nok sjå bil og personell. legg Storebø til.

Politetaten stiller også dersom dei ikkje er oppteke i andre oppdrag.

Uroa

I følgje den ferske undersøkingam til Kantar TNS har berre ein av fire hatt brannøving heime (26 %), medan nokon fleire (64 %) i det minste har snakka om kva dei skal gjere i tilfelle brann.

- Det uroar oss veldig at så mange ikkje har trena på kva ein skal gjera ved brann. Det er for seint å oppdaga at teori og praksis ikkje stemmer overeins når kjøkenet eller stova står i full fyr. Eit lite branntilløp utviklar seg raskt til full overtenning, så her må alle handla riktig frå første stund, seier konserndirektør Morten Thorsrud i If.

Berre ti prosent av husstandar med to eller fleire personar har avtalt møtestad utandørs i tilfelle brann, ifølgje spørjeundersøkinga. Dette skremmer brannvesenet.

- Ved brann blir det fort kaotisk, og det er lett å koma bort frå kvarandre. For oss i brannvesenet er det eit skrekkscenario at folk spring tilbake inn i brennande hus for å leita etter familiemedlemer som kanskje har kome seg ut andre vegar. Derfor er det å avtala ein fast møtestad utanfor bustaden noko av det enklaste og viktigaste ein kan gjera, seier Anne Kjersti Storebø, leiar førebyggande avd. i Os Brann og redningsvesen.

Nytt mobilspel

If har no utvikla mobilspelet Brannleken.no, som er eit verktøy for mobil og nettbrett, og som skal hjelpa barnefamiliar til å gjera brannøvinga til ein morosam familieaktivitet.

- Når så få faktisk gjennomfører øvingar heime, er det naturleg for oss å tenkja i litt nye banar. Mobilspelet er med på å involvera borna, og gjera brann mindre skummelt for dei små. Her ligg det viktig læring for alle, seier Morten Thorsrud i If.

Artikkelen held fram under annonsen.

jostein@osogfusa.no