Kristoffer Østervold jobba svært godt og var etter underteiknas meining Lyseklosters beste spelar heime mot Førde. Austevollingen skåra på straffe i 2. omang, og skulle truleg hatt straffe også her då han vart skubba bort av Førdes keeper.
Kristoffer Østervold jobba svært godt og var etter underteiknas meining Lyseklosters beste spelar heime mot Førde. Austevollingen skåra på straffe i 2. omang, og skulle truleg hatt straffe også her då han vart skubba bort av Førdes keeper.

Braut gjennom muren til slutt

Førde parkerte turbussen like framfor mål og heldt tett i halvannan omgang. Lysekloster var disiplinerte, heldt trøkket oppe og fekk løn for strevet til slutt.

Førde kom til Lysekloster Framo Idrettspark med tre sigrar og to uavgjorte på dei siste fem kampane. Likevel var det tydeleg at dei ikkje var komen på Vestlandsbesøk for å spela festfotball. Gjestene frå Sogn og Fjordane la seg godt bakpå for å hindra Lysekloster i å få bakrom, og ein lang stund såg dei ut til å lukkast.

Utur og dårleg betalt

For det ville seg ikkje for Lysekloster dei første 45 minutta. Trass i eit soleklart speleovertak, ville ikkje ballen i nettet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Særleg hjelp frå kampleiaren i grønt fekk dei heller ikkje. Kristoffer Østervold vart rygga ned av Førdes sisteskanse alt i det åttande minutt. Veldig mange frammøtte meinte dommaren då burde ha peika på 11-meteren.

– Eg føler den er soleklar. Eg er næras ballen, han er på etterskot og skubbar meg rett ned, kommenterer Østervold.

Knappe seks minutt etter gjorde dommaren nett det, altså, peika på straffemerket. Problemet var berre at linjedommaren alt hadde vore oppe med flagget og vinka av Hans-Christian Nysæther for offside, før han vart riven ned i feltet. Dermed vart straffen avlyst og det gule kortet som dommaren hadde servert Førde-angriparen, kansellert.

Midstoppar Mirzi Mujcic la på til 2-0 med ein kjempefin heading. Her vert han gratulert av Joakim Helland.
Midstoppar Mirzi Mujcic la på til 2-0 med ein kjempefin heading. Her vert han gratulert av Joakim Helland.
Då Vestlandsvêret sette inn for alvor i andre omgang kom også Lysekloster-måla. Her feirar Østervold, Stiann Dyngeland og Espen Birkeland.
Då Vestlandsvêret sette inn for alvor i andre omgang kom også Lysekloster-måla. Her feirar Østervold, Stiann Dyngeland og Espen Birkeland.

Lysekloster  var friske i denne omgangen og makta å halda trykket heilt til pause. Fleire av dei frammøtte var sikker på at Espen Birkelands suser frå 22 meter var innanfor streken då han banka i tverleggjaren og spratt ned, men dommaren var ikkje samd. Dermed stod det 0-0 til pause.

– Eg fekk bra treff, surt om han var inne for det hadde vore eit fint mål, kommenterte Birkeland på veg til garderoben.

Varierte meir

Etter pause forsvann sola. I staden vart det skikkeleg Vestlandsvêr med regn og mørke skyar. Lysekloster såg ikkje ut til å deppa av den grunn og heldt fram med å pressa Førde og mala motstandarane møre og stive i beina.

Men heller ikkje no var det mogleg å omsetja angrepa til spelemål. Holen på byllen vart først eit faktum etter at dei kvit-blåe vart tildelt straffe i det 61. minutt.

Straffen kom etter at ein Førde-spelar redda med handa på streken.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kristoffer Østervold ekspiderte ballen hardt og konsist til høgre for keeper. 1-0 var eit faktum.

Deretter kom Førde på nokre få sporadiske forsøk, før Lysekloster igjen fekk styre spelet dei siste 10-12 minutta av kampen.

2-0 kom på munkenes truleg 15.-16. hjørnespark. Førde var svært gode i lufta og rydda meisterleg opp gjennom heile kampen, men nettopp denne gongen var Sigve Rørstads innlegg perfekt, og stoppar Mirza Jujcic god og spenstig på førstestolte.

Hadde roen

Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik, var godt nøgd med kampen. Sotraværingen påstod etterpå at han var trygg på at måla til slutt ville koma.

– I dag er eg aller mest nøgd med displinen. Det at me var i balanse heile vegen, og at me ikkje fall ned i tempo. I første omgang slo me litt for mange høge innlegg som dei sterke hovudspelarane til Førde tok seg av. I andre omgang var me flinkare til å variera spelet og dermed bli mindre førutseielege, konstaterer trenaren.

Med tre nye poeng er Lysekloster framleis tre poeng bak serieleiar Brattvåg. Neste kamp for dei blå-kvite er borte mot Herd neste laurdag.

Lysekloster - Førde 2-0 (0-0)

Lyseklosters lag :

Kjetil Hansen - Ken-Joar Lyngås Føyen (81. Kasper Hjørnegaard), Denis Ljubovic, Mirza Mujcic, Sigve Rørstad – Thorvald Modahl Trætteberg, Joakim Helland, Espen Birkeland – Hans-Christian Nysæther, Kristoffer Østervold, Stian Dyngeland.

Lyseklosters tre beste: Kristoffer Østervold ***, Joakim Helland **, Espen Birkeland *