Bur seg på ein travel kveld

– Vi er i beredskap før stormen, seier vakthavande overbefal Anne Kjersti Storebø.

– Vi veit at det kjem mykje nedbør og sterk vind. Vi er i beredskap med tanke på både flaum, brann og tre som veltar over vegen, seier

vakthavande overbefal og leiar for forebyggande avdeling ved Os brann og redning, Anne Kjersti Storebø.

Artikkelen held fram under annonsen.

Medan stormen onsdag kveld kom frå sør-sørvest, er det i kveld meldt vind frå motsett retning, altså frå nordvest.

Kan velta tre

– Det betyr at tre som fekk hard medfart i vinden på onsdag, i kveld får seg ein trøkk den andre vegen. Då kan dei fort velta, seier ho.

Ho strekar likevel under at vêret ikkje alltid blir som varsla.

– Uansett er vi klare.

– Kva bør den enkelte gjera før kvelden kjem?

– Tja, det er vel i seinaste laget, men reinsk takrenner og slukar for lauv og rusk og syt for at vatnet kan verta drenert bort.

Ho rår også til å leita fram lommelykta og lada mobilane før kvelden kjem.

– Kvar og ein må sikra seg sjølv. Det er lurt å ha mat som ikkje treng koking, i tilfelle straumen vert borte i lengre tid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hald deg innandørs

– Er det trygt å bevega seg ute?

– Det kjem jo an på kor ille det blir. Men onsdag såg vi at ting fauk gjennom lufta, og då er det ikkje lenger trygt. Så om det skjer, anbefalar vi ein roleg kveld heime med familien. Også vi i brannvesenet må tenkja på eiga sikkerheit om det vert for ille.

– Idag er det igjen meldt lyn og torevêr. Er de budde på at det kan bli brann?

– Ja, vi har hatt tre slike brannar på rappen denne hausten. Det er nok litt tilfeldig, men det er meir enn det har vore på mange år.

– Når skal ein ringa brannvesenet?

– Om det er fare for liv og helse skal du alltid ringa 110. Om det er andre mindre akutte skader, kan du ringa vakttelefonen eller teknisk vakt i kommunen. Det er ikkje sikkert vi kan koma med ein gong, men vi kjem, seier ho.

Pass deg for leidningar

Etter stormen onsdag, ramla straumførande leidningar ned enkelte stader. BKK minner om at straumleidningar som ligg langs bakken kan vera straumførande.

Hald god avstand og meld frå slik at kraftselskapet kan rydda området. Ikkje rydd tre som er i kontakt med straumleidningar. Det kan vera farleg og skal berre utførast av profesjonelle.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brannvakt: 915 68 590

Teknisk vakt: 98234440.

BKK: 55127000

Du kan fylgja med på lynnedslag her: 

https://lyn.met.no

anne-marie@osogfusa.no