Catten sin klage på vedtaket om permanent uteservering førte ikkje fram.
Catten sin klage på vedtaket om permanent uteservering førte ikkje fram.

Catten fekk avslag på klage

Tidlegare i sommar fekk Catten Nightclub avslag på søknad om permanent uteservering. Klaga førte heller ikkje fram.

Den raude tråden i Cattens klage var at dei andre skjenkjestadane har fått innvilga uteservering. «Det er urimelig at Irish Cat får avslag på ovennevnte punkter, da det i likskapsprinsippet skal være på like vilkår, men med forskjellige utgangspunkt», skriv dagleg leiar Bjarte Andersen, i klaga.

– Ikkje usakleg forskjellsbehandling

I eit brev datert 6. juli, svarar kommunen med at dei kan bruka skjønn i ved tildeling av skjenkjeløyve og viser til alkohollova §1-7a og kommunen sine interne retningslinjer for sals- og skjenkjeløyve.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei skil mellom det dei kallar «sakleg forskjellsbehandling» og «usakleg forskjellsbehandling». I denne saka meiner dei at det første alternativet er tilfelle.

Til sjenanse for Orion

Grunngjevinga til kommunen er overordna basert på to punkt. Eitt av dei er at ei eventuell uteservering vil vera til sjenanse for Orion.

«Det omsøkte utearealet ligg rett føre vindauga til Orion Restaurant sine lokale i første etasje, og dei har spisebord ved desse vindauga.», heiter det i skrivet frå kommunen.

Driv nattklubb

Det andre punktet er at Catten Nightclub er den einaste skjenkjestaden i Os som også driv nattklubb. Ifølgje kommunen har dei andre skjenkjestadane fokus på matservering og Catten har med sitt nattklubbløyve har ein fordel med å kunne ha ope éin time lengre. Catten har høve til å klaga til Klagenemda innan 20. august.

post@osogfusa.no