Bensinstasjonen på Osøyro blir truleg relokalisert i løpet av året.
Bensinstasjonen på Osøyro blir truleg relokalisert i løpet av året.

Circle K vil vera vekke før sommaren er omme

Som følgje av parkeringshus-planar, har kommunen valt å ikkje fornya leigeavtalen. Men bensinstasjonen gjenoppstår kanskje ein annan stad i bygda.

Under politisk kvarter i dagens formannskapsmøte vart det gjeve ei orientering om forhandlingane mellom Os kommune og Circle K, som driv bensinstasjonen på Osøyro. Ordførar Marie Bruarøy sa at dei no hadde kome fordi ei usemje knytt til opsjonsavtale.

– Dei meinte dei hadde opsjon på å driva Circle K vidare på same staden i 10 år. Den ligg der, men slår berre inn dersom me skulle ha leigd tomta vidare til ein annan aktør. Når det er slik at me treng tomta til eigne føremål, er situasjonen annleis, sa Bruarøy.

Artikkelen held fram under annonsen.

Os kommune har planar om å byggjaparkeringshus og bustader på tomta.

Bad om forlenga frist

No har Circle K akseptert kommunens krav. I utgangspunktet skulle Os kommune hatt tomta i hende i mai i år, men bensinstasjonsdrivaren har bede om noko lenger tid.

– Me skulle hatt tomta tilbake 1. mai, men dei treng tre månader ekstra til å rydda vekk frå tomta inkludert bygget og massane rundt. Det har me sjølvsagt sagt ja til, då det også gjev aktøren som driv betre tid til å områ seg. Me er ikkje klare til å starta bygging før sommaren er der uansett, sa Bruarøy.

Prosjektsjef Halvor Hanevik la til at det er positivt at dei ureina massane dermed blir fjerna.

Gjenoppstår nedom KIWI?

Helge Steinum (Ap) meinte det hadde vore lova på eit tidlegare tidspunkt at Os kommune skulle hjelpa til med å finna ny tomt.

– Det er ikkje eg kjent med, men det har vore møte med dei som driv bensinstasjonen. Det har vore dialog med næringssjefen, som kan vera eit bindeledd der, sa Bruarøy.

– Det har vore ei tomt til sals nedom Kiwi (Moberg). Der er det eigedomsutviklarar som har kjøpt. Det kan henda at dei alt har sikra seg ei ny tomt der, sa Hanevik.

ol@osogfusa.no