Med berre sju minutt att, fann Denis Ljubovic vegen fram i motstandaren si boks og sytte for jubel for heimepublikummet, med 2-1-skåringa.
Med berre sju minutt att, fann Denis Ljubovic vegen fram i motstandaren si boks og sytte for jubel for heimepublikummet, med 2-1-skåringa.

Då angriparane ikkje fekk det til, sprang midtstoppar Denis Ljubovic i angrep

Lysekloster heldt heimepublikummet på pinebenken til det stod att sju minutt.

Lysekloster tok i mot Vestfossen heime i Lysefjorden laurdag i siste kamp før ferien. Bortelaget opna best, og eit par farlege forsøk før dei fekk utteljing. Frå motsett side av banen såg det ut som at corneren gjekk via fingrane til Lysekloster-keeper Maciej Raniowski og rett i mål. Heimelaget hadde ikkje mange sjansar, men burde ha skåra på ein enorm trippelsjanse der Simen Næss, Joachim Westrheim og Nikolai Harris bomma i tur og orden.

– Fyrsteomgang var forferdeleg. Eg er ekstremt skuffa over det vi presterte. Det handlar om å vera profesjonell og gjera jobben 100 prosent, om det snø eller sol, Vestfossen eller Fyllingsdalen som står på motsett side. Dei første 45 minutta var berre bortkasta tid. Totalt elendig, seier Hetlevik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gjorde endringar i pausen

I pausen valde Lysekloster-trenaren å ta grep. Kevin Berg blei byta ut og inn kom Szymon Walczak.

– Vi starta med Kevin i ankerrolla på midtbanen då han er ein fysisk spelar som vinn mange duellar. Når dei skåra, trong vi ein «ballbehandlar» til å opna opp forsvaret. Difor drog vi Alonso bakover i banen, og Joakim inn i mellomrommet då han er god feilvendt og har ein god skotfot. Dei grepa vil eg seia at vi lukkast godt med.

–Spelarane tok tak i seg sjølve

Publikum er nok samde i at grepa trenaren gjorde, var gode. Vestfossen prøvde seg ein gong etter ein time spelt. Elles var andreomgang eit einaste langt Lysekloster-angrep.Joachim Westrheim utlikna etter 53 minutt, etter å fint kombinasjonspel med Simen Næss, men så kom det ein lang periode der det verka som at det var umogleg for heimelaget å skåra.

Simen Næss åleine hadde tosifra tal avslutningar, men spissen fann ikkje vegen til mål laurdag.
Simen Næss åleine hadde tosifra tal avslutningar, men spissen fann ikkje vegen til mål laurdag.
Kevin Berg måtte vika då trenar Ruben Hetlevik måtte gjera taktiske endringar.
Kevin Berg måtte vika då trenar Ruben Hetlevik måtte gjera taktiske endringar.
Ein av spelarane Hetlevik trekkjer fram etter kampen, er kaptein Nikolai Harris. Spesielt for innsatsen og for måten han pusher medspelarane sine på.
Ein av spelarane Hetlevik trekkjer fram etter kampen, er kaptein Nikolai Harris. Spesielt for innsatsen og for måten han pusher medspelarane sine på.
Martin Pedersen og Eskild Båsen kom begge frå benken, og kombinerte fint då sistnemnde sat inn 3-1-målet.
Martin Pedersen og Eskild Båsen kom begge frå benken, og kombinerte fint då sistnemnde sat inn 3-1-målet.
Even Vetås feira slik etter å ha hamra inn 4–1 på overtid.
Even Vetås feira slik etter å ha hamra inn 4–1 på overtid.

– Korleis er det å stå på sida og sjå at de skapar så mange sjansar, men ikkje får utteljing?

– Då gjeld det å ikkje bli frustrert for at ein ikkje skårar på sjansane, og berre køyra på vidare og byggja nye angrep. For meg gjeld det å vera positiv og pusha spelarane. Eg er veldig nøgd med måten laget mitt responderte etter kvilen, seier Hetlevik og legg til:

– Det er lett for å bli frustrert og forbanna, og klaga på medspelarane, men spelarane såg innover og tok tak i seg sjølv, noko som gjer at vi klarer å angripa dei i samtlege 45 minutt.

Kanon frå Vetås

Heimelaget hadde blåst haugevis av sjansar då kampuret viste 83 minutt. Då bestemte Denis Ljubovic seg for å ta ansvar. Heimelaget bygde opp eit angrep som enda med eit innlegg frå høgresida. Der dukka Ljubovic opp, og sytte for 2–1. Det var lett å sjå på spelarane at den skåringa smakte godt. Der frå og inn putta Lysekloster ytterlegare to. Eit langt oppspel fann innbytar Martin Pedersen, som stussa ballen gjennom til innbytar Eskild Båsen, som via keeper sytte for 3–1. Even Vetås tok på seg å krona snuoperasjonen med ei fantastisk skåring. Næss rulla ballen til lagkompisen, som fyrte i veg ein kanon frå vel over 20 meter.

Rett til Flesland etter kampslutt

Med sigeren mot Vestfossen, går Lysekloster inn i ferien med fire sigrar på rad. Dei har også vunne seks av dei sju siste, og ligg plassert på fjerdeplass før haustsesongen. Djerv 1919 toppar tabellen med fem poeng meir enn Lysekloster – med ein kamp mindre spelt. Djerv 1919 møter Strømsgodset 2 Søndag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det å gå inn i ferien med ein siger, er første gong eg får oppleva som Lysekloster-trenar. Vi har tapt mot Haugesund 2 og Fyllingsdalen dei føregåande åra. Det er ikkje lett å slappa av då, med ein månad til neste kamp, seier Hetlevik, som reiste rett frå kampen til Flesland.

– No er det ferie. Det skal bli godt med litt avkopling, seier Hetlevik.