Trine Lindborg (Ap) var ein av dei sterkaste motstandarane mot sal av Fjellheim. Rundt 50 osingar hadde møtt fram då politikarane var på synfaring torsdag.
Trine Lindborg (Ap) var ein av dei sterkaste motstandarane mot sal av Fjellheim. Rundt 50 osingar hadde møtt fram då politikarane var på synfaring torsdag.

Da capo for Fjellheim

Torsdag fyltest Fjellheim nok ein gong. Protestar mot sal av Fjellheim-tomta fall for døve øyrer, men mindretalet anka avgjerda inn for kommunestyret.

Fjellheim-reprisen var av det politiske slaget. Ein klage frå foreninga Bevar Fjellheim (BF) mot avgjerda om å omregulera tomta til bustadføremål, var oppe til behandling. Politikarane i plan- og bygningsutvalet hadde det som sin siste stopp på dagens rundtur, og rundt 50 osingar hadde møtt fram for å seia si meining. I tillegg til at mange representantar frå BF hadde møtt fram, var det også representantar for ulike lag og foreiningar til stades.

Bad på vegner av dansarane

Forsamlinga fekk ei omsyning i bygget leidd av Tore Moberg, som kjenner bygget godt frå si tid som leiar av Os Turn, ein av dei tidlegare eigarane. Han viste eit bygg han meinte framleis var i teknisk god stand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trym Jensen, som i mange år har vore aktiv i Os Swingklubb, utfordra kultursjef Lisbeth Axelsen på kvifor bygget ikkje kunne opnast for dei mange som er interesserte i dans. Ho svarte at dansarane på kulturskulen har eit godt tilbod i Oseana, og at Fjellheim ikkje oppfyller krav til ein moderne kulturskule.

– Men eg snakkar om alle oss andre. Det er svært godt eigna til annan type dans, sa Jensen.

– Eg må forholda meg til mi rolle som leiar for kultureininga og ansvaret for kulturskulen. Ut over det må kultureininga vera lojal mot politisk fatta vedtak, svara Axelsen.

Musikarane Eirik Søfteland (i midten) og Leif Østrem (t.h) er ikkje i tvil om at Fjellheim må takast vare på. Her i samtale med Fjellheim-forkjempar Rolv Bjørø.
Musikarane Eirik Søfteland (i midten) og Leif Østrem (t.h) er ikkje i tvil om at Fjellheim må takast vare på. Her i samtale med Fjellheim-forkjempar Rolv Bjørø.

Eirik Søfteland: Fjellheim skapte meg

Lokale musikarar som Eirik Søfteland og Leif Østrem hadde også møtt fram for å visa si støtte.

– Eg er tydeleg på at Fjellheim kan og bør brukast vidare. Eg synest det er synd at kommunen ikkje har ballar nok til å seia «Me tok feil» om behovet for eit supplement til Oseana. Me har behov for ei lågterskel-scene som den som finst her. Det hadde me før, og utan den hadde ikkje eg blitt den eg blei, sa Søfteland.

– Det er tragisk dersom eit kulturminne som Fjellheim blir selt og rive. Eg har eit sterkt forhold til Fjellheim. Eg har i mange år jobba som byggmeister, og eg ser med mine snekkarauge at her er det ikkje mykje som må til for å gjera dette bygget i fullt brukande stand att, sa Østrem.

Flammande støtteinnlegg

Då PBU skulle handsama saka, hadde også ein god delegasjon tilhøyrarar møtt fram. Både Terje Sperrevik (TvS) Trine Lindborg (Ap) og Harald Døsen (Ap) heldt flammande innlegg til forsvar for kulturhuset.

– Vakna opp! Slepp prestisjen, og vakna opp. Os treng Fjellheim, og Fjellheim treng osingar. Dette er kulturarven vår, sa Lindborg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I kommunen der eg kjem frå hadde me akkurat den same situasjonen som i Os. Der greidde me å få til å ta vare på det gamle kulturhuset i tillegg til å byggja eit nytt. Det må gå an også i Os, sa Tryggve Lillestøl (KrF).

Terje Sperrevik meinte at Frp/H og administrasjonen båe hadde gjort slett arbeid i saka. Dei hadde ikkje lytta nok til BF, meinte han, og hadde ikkje førebudd saka godt nok. Særleg sakna han eit alternativt framlegg til vedtak, der opposisjonens syn kunne vore formulert.

Men Frp/H ombestemte seg ikkje etter å ha lytta til alle innspela. May Brit Haringstad (H) sa det slik:

– Me har jobba mykje med denne saka, og grubla, fundert og lytta. Men vår totale vurdering er at det ikkje er kome nye opplysningar som gjer at me endrar synet me hadde i 2015, sa ho.

Kom med mindretals-anke

Administrasjonen si innstilling som gjekk ut på å avvisa klaga frå BF vart deretter sett opp mot eit framlegg frå Terje Sperrevik om å ta ut Fjellheim-tomta (BB2) av reguleringsplanen. Frp/H sine fem representantar røysta for administrasjonen sitt, medan dei fire andre røysta mot.

Deretter kom Trine Lindborg med ei mindretalsanke, som går ut på at det overordna organet (kommunestyret) får ta stilling til vedtaket frå eit understilt organ. Minst tre representantar må i så fall be om dette i same møte. Lindborg fekk støtte av Tryggve Lillestøl, Terje Sperrevik og Harald Døsen. Saka kjem difor opp att i kommunestyret i nær framtid.

ol@osogfusa.no