Ordførar Terje Søviknes var oppteken i møte, men fekk med seg at Sverre vann. - Eg må sjå løpet i opptak, seier han.
Ordførar Terje Søviknes var oppteken i møte, men fekk med seg at Sverre vann. - Eg må sjå løpet i opptak, seier han.

Då Sverre Lunde Pedersen sikra gullet, braut ordføraren ut i full jubel - midt i paneldebatten

Terje Søviknes var nære på å bestilla billett til Inzell for å følgja Sverre Lunde Pedersen, men han måtte prioritera jobb. Han var i Gulen på dialogmøte mellom nye Vestland fylke, kommunar, næringsliv og frivillig sektor i Nordhordland og HAFS-regionen.

– Eg følgde med i smug frå mobilen. Vi var midt i ein paneldebatt då eg braut ut i jubel. Det blei spontant jubel i møtet då eg kom med «breaking news», seier ordføraren, og legg til at han så gjerne skulle ha vore til stades.

– Du kan trygt seia at eg kjennar det på kroppen. Eg skulle så gjerne ha vore i Inzell. Vi skal ha ei stor markering når Sverre kjem til Os igjen. Først skal vi følgja han i resten av VM.

Artikkelen held fram under annonsen.

–Alle unna Sverre gullet

Vidare fortel Søviknes at alle osingar er stolte i dag.

– All honnør til Sverre og familien. Det er ikkje berre berre å vera skeiseløpar på Vestlandet. Heile Fana-miljøet kan vera stolte i dag, og alle osingar.

Osingen er første nordmann til å vinne 5.000 meter i enkeltdistanse-VM. Det er også første distanse-gull til Noreg sidan Håvard Bøkko vann 1.500-meteren i 2011 på same stad. Tida 06.07,16 er også beste tid av ein nordmann nokosinne.

– Endeleg tok han Sven Kramer. Det er ikkje på kva som helst måte heller. Han knuste Kramer. Eg trur det er mange som unna Sverre dette gullet. Særleg etter det som skjedde i førre VM då han fall frå gullet.

– Korleis vil du rangera denne prestasjonen i forhold til andre prestasjonar av osingar i store meisterskap?

– Det er alltid vanskeleg å rangera. Det er mange sterke prestasjonar, som til dømes Kjersti Tysse Plätzer sine Ol-medaljar. Sverre har også sterke prestasjonar bak seg. Men, dette rangerer nok utruleg høgt for han sjølv, og for heile skøyteinteresserte Norge.