Den førre personlege rekorden til Dag Christensen (t.h.) var ein laks på 11,3 kilo. Ruggen han drog opp på Jørem i går, vog heile 23 kilo. Her saman med Benny Jørem-Wahl.
Den førre personlege rekorden til Dag Christensen (t.h.) var ein laks på 11,3 kilo. Ruggen han drog opp på Jørem i går, vog heile 23 kilo. Her saman med Benny Jørem-Wahl.

Dag Christensen fekk monsterlaks på kroken

– Dette er noko eg aldri får oppleva igjen, seier osingen Dag Christensen, som i går fekk den største laksen i Noreg til no i år.

– Eg har hatt meir trykk på pumpa i andre situasjonar tidlegare. Det seier eg ikkje fordi eg er blasert, men på grunn av heile settinga, seier Christensen.

Osingen skildrar opplevinga som ei sosial happening.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Rykte gjekk nok om at eg hadde ein storfisk på kroken. Det samla seg haugevis med folk langs elva. Det er ingen fotballkampar på Kuventræ i år som har samla så mykje folk, seier han og ler.

Rugg på 23 kilo

Vidare fortel Christensen at den førre rekorden hans var ein laks på 11,3 kilo. Den rekorden blei knust på fiske på Jørem i Namsen i går.

– Det var ein kjempestor fisk. 23 kilo vog han. Eg har fiska i to mannsaldrar, men den førre rekorden var «berre» 11,3 kilo. Dette er utruleg stort, seier Christensen og held fram:

Dag Christensen seier at rykte gjekk, og at det plutseleg var haugevis med folk som følgte kampen for å få monsterlaksen på land.
Dag Christensen seier at rykte gjekk, og at det plutseleg var haugevis med folk som følgte kampen for å få monsterlaksen på land.

– Laksen oppførte seg veldig roleg. Det tok lang tid. Vi vestlandsfiskarar plar vera hardare og tøffare og slita inn fisken. På fiskar som dette, så slit ein ut festet om ein gjer det. Eg gjekk med han i om lag ein kilometer, og det tok ein god time. Vi hadde det morosamt undervegs, og etter kvart som folk samla seg langs elva, blei det full kok. Dette er noko ein får oppleva ein gong i livet.

Hjelp frå lokalkjent

Klubben, som dei har kalla for 1001-laks, er på sin årlege tur til Jørem. Der fiskar dei i seks dagar kvart år, frå 5. juni.

– Vi er ni fiskarar, fleire av oss frå Os. I tillegg til meg, er også Leif Juvik, Einar Sørstrønen, Geir Eikeset og Bjørn Døsen osingar, seier Christensen.

Med seg på fiske nett no, har dei også ein lokalkjent – som bidrog godt til storfangsten.

– Benny Jørum-Wahl bur i denne elva, og kan kvar desimeter av ho. Vi sat og snakka i båten, og han sa at her må vi liggja, for han hadde treft på mykje storfisk i området. Rett etter sa han at vi måtte trekkja bort til svartholo, for der låg det alltid ein stor laks, sa han. Det stemte, for kort tid etter hadde eg laksen på kroken, seier Christensen og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg var heldig. Om han hadde stått der i tre eller fire dagar, ville han aldri ha bite på. Den einaste måten å fiska han på då, ville ha vore med dynamitt. Han var full i lus, og kom rett frå havet og tenkte nok at dette var hans plass – så han måtte ta wobblaren.

Flaks

Sjølv om det skal godt gjerast å toppa gårsdagens fangst, er ikkje Christensen mett på laksefiske.

– No skal eg berre kosa meg. Det blir ikkje stressfiske no, seier han og legg til:

– Dette er flaks. Rein og skjer flaks. Elementet av dyktigheit er at vi har fått oss denne plassen å fiska på, og halda på han med nebb og klør, og at vi har lokalkjente som hjelper oss.

Etter at dei er ferdige på Jørem, skal dei fleste reisa heim.

– Alle bortsett frå meg og Leif skal heim. Eg og han skal farta rundt i Trøndelag i 14 dagar til. Det ser vi fram til, seier Christensen.