annonse

Dagen med ekstra fokus på psykisk helse

Markering
Markering: Fusa ungdomsskule markerte verdsdagen for psykisk helse alt i september. Fleire skular har markert dagen, og også neste veke vil dagen bli markert. (Foto: Fusa ungdomsskule)

I dag er Verdensdagen for psykisk helse. Fleire skular har markert dagen på førehand, medan andre skular skal markera dagen neste veke. Os kommune markerer dagen i morgon på Kontakto i den gamle prestebustaden.

Benjamin Søgnen Olsen

Årets tema er Noe å glede seg over, der ein blir oppmoda til å finna dei små og store tinga kring seg som gjev glede for seg sjølv og andre. Det kan gje betre psykisk helse i kvardagen.

– Årets tema byggjer vidare på den raude tråden for Verdensdagen 2016-2018: «Identitet og tilhørighet». Å vera trygg på eigen identitet og føla tilhøyrsle er grunnleggjande for psykisk helse, skriv Verdensdagen for psykisk helse på heimesida si.

I fjor var temaet «...fordi livet forandrar seg». Då snakka dei om korleis endringar i livet påverkar vår psykiske helse. Bodskapet var at ein taklar endringar betre dersom ein har ein sterk identitet eller sjølvkjensle og gode relasjonar. Bakgrunnen for årets tema er kva som skjer når vi kjem til ein ny stad, eit nytt miljø, og skal etablera oss. Kvifor er det nokon som finn seg til rette, medan nokon blir ståande utanfor. Kva faktorar spelar inn for vår psykiske helse?

Open dag

Os kommune opplysar om open dag på Kontakto mellom 11.00 og 14.00 i morgon i den gamle prestebustaden ved Os ungdomsskule.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.