Astrid Dale (V) kritiserte Frp/H for å ivra for brua.
Astrid Dale (V) kritiserte Frp/H for å ivra for brua.

Debuterte med frontalangrep på Frp/H sitt bru-standpunkt

I sin kommunestyre-debut kom Astrid Dale (V) med krass kritikk mot at posisjonen vil bruka fellesskapets midlar på lobbyselskapet Hordfast samt aksept av bompengar for å realisera brua.

Saka gjaldt om Os kommunestyre skulle akseptera tilbodet frå Hordfast AS om å gå inn på eigarsida i lobbyselskapet. Frp/H hadde alt signalisert at dei ville følgja oppfordringa. Vara-representanten Astrid Dale (V) heldt sitt første innlegg frå kommunestyrets talarstol i høve saka.

– Øyvind Halleraker er ein person eg aldri meir kan ha tillit til, etter alle sakene der han har vore ugild, sa ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mest kritikkverdig meinte ho det var å krevja inn førehandsbompengar for ei bru ho ser som svært skadeleg for nærmiljøet.

– Kvar er politikken? Var det ikkje ei sterk sak at bompengar ikkje skulle aksepterast? Eg trur ingen av oss greier å sjå for oss kor stort inngrepet blir i Søre Øyane. Har de sett den raude støysona som er merkt av på kartet i våre naturområde? Den støyen stilnar aldri av, byrja Dale. Ho er kjent som dagleg leiar i Dales Rederi, og bur dessutan i området.

Ho viste vidare til at tungtrafikk over Lepsøybrua ville vera ein dårleg idé som dessutan ville gje endå større etterslep på vedlikehald på vegar i området.

Ho fekk støtte frå bl.a. Nils-Anders Nøttseter (MDG), som leste høgt frå Frp sitt prinsipprogram: «Staten skal ha ansvaret for veiutbygging i landet, og bruk av bompenger er en ytterligere beskatning av trafikantene. Bompenger (...) kan derfor ikke innkreves for bruk av det offentlige vegnettet.», las Nøttseter. Han peikte dessutan på at det ikkje var sikkert at førehandsinnkravde bompengar faktisk ville bli nytta på brua.

– Minner om kraftsosialisme

Etter talet turar til talarstolen å døma, var Jakob Enerhaug (KrF) den som var mest skuffa over Frp/H sitt standpunkt. Han samanlikna dei borgarlege partia sin vilje til å byggja bruer over kvar fjord med kraftsosialismen på 50-talet.

– Då var det om å gjera å byggja ned alle vassdraga våre. «Alt vatn som ikkje renn i røyr, er ein uting!» skal kraftsosialisten Abraham Øvrebotten (Ap) ha sagt. Alle fjordar utan bru, er ein uting, synest Frp/H å meina, sa Enerhaug.

Han meinte saka føydde seg inn i rekkja over saker der partiet braut sine vallovnader.

– Like før jul braut Frp/H med lovnaden dei hadde gjeve om at dei skulle halda fast på den kommunale kontantstøtta. No må folk spørja seg om partia er til å stola på i denne saka. Det er nesten ikkje til å tru at Frp/H vil kjøpa seg inn i eit lobbyselskap for å driva inn 5 milliardar kroner. Eg ber folk merka seg at desse partia har eit heller pragmatisk forhold til vallovnadene sine. Eller har dei fått dispensasjon frå eige partiprogram, spurde Enerhaug.

Artikkelen held fram under annonsen.

Espen Aspenes (Frp) repliserte med at Os KrF heller ikkje alltid gjekk i takt med sitt moderparti.

– Partileiar i KrF, Knut Arild Hareide, stør ferjefri E39-prosjektet heilhjarta. Skal me stola på Os KrF her meir enn KrF sentralt?

– I dag er me i Os kommunestyre. Og i Os må me jobba for innbyggjarane her sitt beste. Du kan stola på Os KrF, for me har hatt same ståstad heile vegen, sa Enerhaug.

– Næringslivet treng det

Leiv Gunnar Heggland (Frp) vedgjekk at Os Frp hadde ei pragmatisk innstilling til spørsmålet.

– Det er reint rørande å høyra på desse som har nilest partiprogrammet til Frp. Det er heilt rett at ein ikkje ønskjer bompengar, men det må me faktisk akseptera for å byggja god infrastruktur i fylket vårt. Det er naudsynt for å næringslivet vårt. Dette handlar om å få til utvikling og vekst i landet vårt og på Vestlandet, sa Heggland.

– Er representanten Heggland klar over at ei samla lastebilnæring tilrår E134 heller enn E39, spurde Gisle Hesjedal.

– Skal du til Stavanger tvilar eg på at nokon vil køyra via Haukeli, svara Heggland.

Marie Bruarøy (H) forklarte partiets ståstad om investering i Hordfast AS med høvet til å påverka.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me ønskjer å gå inn for å vera med og påverka der me kan. Nei, me kan ikkje garantera at dei førehandsinnkravde bompengane vil gå til brua, men i så fall vil dei bli nytta på andre vegar i området. Det er heilt normal praksis, sa Bruarøy.

– Tidlegare sa du at du ville stå første i lenkegjengen dersom brua kom til Søre Øyane. No vil du sitja i styret for eit lobbyselskap som vil krevja bompengar for å realisera den same brua. Kva har skjedd i den prosessen, spurde Helge Steinum (Ap).

– Ja, me har vel alle hatt ein uttale som ein har angra på i ettertid. Det bruaksjonen har gjort er prisverdig. Eg har støtta dei i ein del av arbeidet dei har gjort, som har vore med å sikra at kommunen blir skikkeleg sett i planprosessane som held på, svarte Bruarøy.

– Usanne påstandar

Espen Aspenes (Frp) viste til det han meinte var ulike usanne påstandar hjå opposisjonen.

– Det har blitt sagt at Øyvind Halleraker stifta Hordfast. Det er ikkje sant. Hans namn finst ikkje på noko av stiftingsdokumenta. Det er NHO som står bak, og dei er Noregs største interesseorganisasjon for næringslivet. Det er klart dei har påverknadskraft, sa Aspenes.

Han sa vidare at han respekterte andre ståstader i brusaka.

– Nokre vil ha indre trasé, nokre vil ikkje ha veg i det heile. Men når det gjeld auka vedlikehaldskostnader, vert det jo ikkje noko mindre vedlikehaldskostnader ved å byggja indre trasé. Han ville heller ikkje blitt bompengefri, sa Aspenes.

At dei no måtte svelgja ein ny bompenge-kamel, kalla han realpolitikk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I NTP står det at ein treng 5 milliardar i «annan finansiering». Det er bompengar. Å einaste høve til å krevja inn det, er som eit ferjeavløysingsprosjekt. Då er det strekkja Halhjem og Sandvikvåg som er aktuell. Dersom Hordfast AS vinn fram med sitt syn, er det Stortinget som skal godkjenna det. Då er prosjektet endå nærare realisering, sa Aspenes.

Han la til at for Rogfast vart bompengeinnkrevjing starta 2012 og anleggsstart var i 2018, og dermed var ikkje Hordfast anna enn på tida i høve til tidsplanen.

– Kor mykje estimerer Aspenes at bilistane må betala av dei 5 milliardane. Det fortener dei å høyra, spurde Enerhaug, og Aspenes svara at det var usikkert før Stortinget har vedteke noko.

Røysting

Etter ein god del meir debatt, gjekk saka til røysting. Eit nytt punkt var føreslått av Gustav Bahus (Frp), som gjekk ut på at ordførar (med fast vara) skulle verta valt inn i styret for Hordfast AS. Med dette endringsframlegget vart saka vedteke med Frp/H sine 18 røyster mot opposisjonens 17.

ol@osogfusa.no