Leif Juvik var ein glad mann onsdag.
Leif Juvik var ein glad mann onsdag.

– Dei to største dregne opp av osingar. Kva er oddsen for det?

Ikkje lenge etter at Dag Christensen drog opp sluggeren på 23,5 kg, slo Leif Juvik til med ein sværing på 18,5.

Dei lever herrens glade dagar, dei fire osingane som er på tur i Namsen denne veka. Onsdag var det reine Klondyke-stemninga blant fiskegutane.

– Det er jo Dagen som stod for den beste prestasjonen. 23,5 kg er den største laksen som er dregen opp i Noreg i år. Det er ikkje dårleg, seier Leif Juvik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tøff jobb

Men om han er aldri så smålåten, må han vedgå at han hadde si heilt eigne lukkelege stund sjølv.

– Eg fekk meg ein laks på 18,5 kg. Nest etter Dagen sin fangst, er det den største fisken som er drege opp frå elva i år. Eg trur jammen det hadde vore høge odds for at to osingar skulle toppa ei slik liste her i Trøndelag, ler Juvik.

Leifen hadde ingen lett jobb med å få sluggeren opp av elva.

– Eg fekk god hjelp av Geir Eikeset, men likevel var det ein hard kamp. Eg brukte nok minst ein halv time før eg fekk fisken på land.

Vidare i Namsen-land

Er det noko vestlendingar likar, så er det å vera på tokt i Trøndelag. Storfiskarane Christensen og Juvik blir i området ved Jørum gard fram til måndag. Deretter tutlar dei litt rundt før dei vil fiska vidare i ei sideelv av Namsen.

– Me har det kjekt og skal kosa oss ei stund til, konstaterer Leifen frå lakseland.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no