TicketCo-gründer Carl-Erik Michalsen Moberg har aldri vore redd for å opna nye dører. I fjor haust vitja han Bjørnefjorden utdanningsmesse og fortalte om oppturar og nedturar i samband med etableringa av TicketCo AS. Fredag vitjar han Bjørnafjorden Gründerpark.

Deler sine røynsler etter gründersuksess

Osing Carl-Erik Michalsen Moberg og medgründer Kåre Bottolfsen har teke suksessen TicketCo til London, og er klare for å erobra fleire land. Fredag deler Carl-Erik sine røynsler i Bjørnefjorden Gründerpark.

Det er Os Næringsråd og Bjørnafjorden Gründerpark som inviterer til foredraget.

TicketCo vart etablert i 2012. Seks år seinare har selskapet blitt ein stor aktør i Noreg, motteke ei rekke prisar, etablert seg i London og gjer seg no klar til ekspandera i flere nye marknader med det dei skildrar som ein ny, global standard for betaling for eventindustrien.

Artikkelen held fram under annonsen.

jostein@osogfusa.no