Olabilen til Jonas Werkeland Mandal og Jonas Bratlund Mæland, Olaskeiven, er populær blant elevane på Lunde Skule.
Olabilen til Jonas Werkeland Mandal og Jonas Bratlund Mæland, Olaskeiven, er populær blant elevane på Lunde Skule.

Den rosa Olaskeiven på Lunde

- Ikkje ante vi at olabilen vår skulle få slik merksemd, ler assistent ved Lunde Skule, Jane Espeland.

Saman med Jonas Werkeland Mandal og Jonas Bratlund Mæland frå 7A har ho bygd den rosa doningen.

- Vi kalla oss Team Jonas, Jonas og Jane, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Arbeidet byrja i august, og dei har arbeidd jamnt og trutt i kunst- og handverkstimane og i andre ledige stunder.

Dei to elevane fekk bestemma heilt sjølve korleis bilen skulle sjå ut.

Det måtte lagast teikningar før ein kunne setja i gang. Dei har skore med stikksag, og gjort seg skikkelig flid med bilen.

Sjekk den kule bilen!
Sjekk den kule bilen!

- Det var ikkje enkelt å få alt beint, skal eg seia deg, seier Jane.

Bilen fekk difor namnet Olaskeiven.

Då det vart spørsmål om kva for farge bilen skulle få, var konklusjonen at den måtte vera rosa.

- Det var ikkje snakk om noko anna, seier Jane.

Nyleg hadde dei framsyning av bilen for dei to hundre elevane ved skulen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Alle fekk lov til å prøva bilen. Til og med rektor har site i han, seier Jane.

Ho driv Køyr for livet, som er eit tilrettelagt fritidstilbod for ungdom i Os. Ho seier at det er viktig at ein får moglegheit til å bruka pengar i skulen på spennande praktisk retta prosjekt.

- Eg ser at mange unge manglar eit alternativ i skulen som er med på å motivera dei og gjer at lysta til å gå på skulen aukar, seier ho.

post@osogfusa.no