Alejandro Fuentes, Askil Holm, Espen Lind og Kurt Nilsen er attende.
Alejandro Fuentes, Askil Holm, Espen Lind og Kurt Nilsen er attende.

Denne kvartetten gjer comeback i år og kjem til Tysnefest

10 år har gått sidan Lind, Nilsen, Fuentes og Holm besøkte Tysnesfest sist. No kjem dei tilbake.

Gjengen har hatt tallause øvingar sidan dei bestemte seg for å ta opp att tråden på initiativ frå Kurt Nilsen og Espen Lind.

- Dette kjem til å bli vanvittig gøy både for oss og for publikum. Vi klinkar til, og skal laga fest kvar kveld vi går på scenen. We`re gonna party like it`s 2009, seier Nilsen i ei pressmelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

I sommar dreg han og dei tre andre på ein tre månader lang sommarturné.

- Det blir ei tidsreise i dobbel forstand. Publikumet vårt har også blitt eldre sidan vi sist var på veien. Denne gongen utvidar vi repertoaret vårt. Fleire låter, større breidde, større produksjon og endå fleire hits. Det norske publikumet fortener en festkveld som dette – og vi gleder oss, lokkar Lind.

Det som starta med ein stillferdig versjon av Cohens «Halleljujah» på Skavlan i 2006, blei etterfølgd av ein landsdekkande noregsturné, Spellemannpris og tre fulle Oslo Spektrum. I 2009 gjentok dei suksessen med ny turné, der Tysnesfest var eitt av stoppa.

- Då me i 2009 booka Lind, Nilsen, Fuentes og Holm var dei utan sidestykke den største festivalbookinga me hadde gjort hittil. Det kom 2.400 publikummarar på konserten. og me kjente at no er me faktisk blitt ein stor festival, sa Sigvard Madsen i eit intervju til boka om Tysnesfest i 2016.

- Då me i haust fekk nyss om at gjengen skulle på turnè igjen i år, måtte me berre booka dei!

jostein@osogfusa.no