Ole Marius Røttingen og Fredrik Røttingen, her saman med ordførar i Os, Terje Søviknes (i midten), vil laga ei større nyttårsmarkering i hamna enn nokosinne tidlegare.
Ole Marius Røttingen og Fredrik Røttingen, her saman med ordførar i Os, Terje Søviknes (i midten), vil laga ei større nyttårsmarkering i hamna enn nokosinne tidlegare.

Desse gutane vil laga tidenes beste felles nyttårsfeiring i Os

Oppskytinga av nyttårsfyrverkeriet vil skje 1. nyttårsdag – for fjerde gong på rad, men i år ønskjer ProPyro og kommunen å laga ein endå større fest.

Brørne Røttingen i Propyro har stått for oppskytinga av nyttårsfyrverkeri i Os hamn dei siste fire åra. I år har dei store planar.

– Vi har skote opp musikkfyrverkeri ein del gonger, og ønskjer å gjera det på nyttårsmarkeringa i Os også. Det vil bli ein roleg start på programmet – ein fin inngang på fyrverkerikvelden for born. Musikkfyrverkeri er ei utfordring å få til, men det er berre artig, seier Fredrik Røttingen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Underteikna var til stades under musikkfyrverkeriet på Er-An i haust. Det kan ein lesa meir omher.

– Nokre av oppgåvene kring arrangementet, har vi fått andre til å ta seg av. Det blir bra om vi får dette til, seier Fredrik.

Vil setja opp telt til mat- og drikkeservering

For å kunna laga musikkfyrverkeri, er dei avhengige av fleire ting.

– Vi har snakka med Os Rockeklubb om å låna anlegg. Vi må også få Oseana med på laget, og RadiOs med sendarar. Dialogen er oppretta, men vi er ikkje heilt i mål, seier Ole Marius Røttingen.

Nytt i år, eller på nyåret, er at det vil vera telt i hamna der det blir servert mat og drikke.

– Nett kva det blir, er vi ikkje sikre på. Vi stiller med telt, og leiger ut til dei som ønskjer å selja mat og drikke. Inntekta vi får frå det, vil gå rett inn i fyrverkeri-potten, seier Fredrik.

Håpar å få inn 150.000 kroner

For å få til å laga festen dei ser føre seg, er ProPyro og kommunen avhengige av hjelp frå næringslivet. På pressebrifinga måndag føremiddag, kunne ordførar Terje Søviknes fortelja at kommunen stiller med kroner 25.000.

– Vi held fram med tradisjonen. Vi ønskjer eit spleiselag med næringslivet. I år ønskjer vi å skapa litt meir, og vi er litt ambisiøse, men vi ser føre oss å kunna få inn 150.000 kroner. Eg vil særleg oppmoda næringsliv i sentrum – regionssenteret – til å vera med, seier Søviknes.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Har det vore vanskeleg å få med næringslivet på eit spleiselag dei andre åra?

– Heilt ærleg, så har det ikkje vore vanskeleg å få folk til å seia ja når eg ringjer til dei, men så har det gjerne vist seg litt problematisk å få inn pengar likevel. I år kjem vi til å gjera det slik at eg tek kontakt via e-post, og brørne her følgjer opp, og så vil det bli sendt ut faktura. Det er mest ryddig for alle partar, seier Søviknes.