Bistandsadvokat Ellen Eikseth Mjøs, statsadvokat Benedikte Høgseth og 42-åringens forsvarar Per Magne Kristiansen under dag to i den fire dagar lange rettssaka.
Bistandsadvokat Ellen Eikseth Mjøs, statsadvokat Benedikte Høgseth og 42-åringens forsvarar Per Magne Kristiansen under dag to i den fire dagar lange rettssaka.

- Det å forsona seg med at mamma er død fordi ho vart drepen av pappa, det går ikkje

Dottera til avdøde Trude Brenna Aasen blei spurt ut i dag to av den fire dagar lange rettssaka. Med tanke på det ho har vore gjennom klarte ho seg fint, men ho knekte saman då ho fekk spørsmål om korleis hennar yngre bror har hatt det etter tapet av mora.

- Korleis har det gått med bror din i ettertid?

Det er tydeleg at ho har vanskar med å svara. I om lag ein time har dottera svara på spørsmål om faren som er sikta for å ha drepe mora, og om familien før og etter drapet. Korte, men fatta svar har ho gitt. Men no sit ho berre med hendene framfor andletet og tårene trillar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Han har budd éin stad heile livet. Han har mista både far, mor og heimen sin. Alt på ein gong. Klart det har vore tøft for han. No i slutten av januar fekk han seg jobb, og han er kjempeflink, seier ho før ho tek seg ein kort pause.

- Eg har så vondt av han. Han fortener berre det beste.

Få meter unna sit den yngre broren og tørkar sine tårer. Det kjem fram at han no bur saman med søstera og dottera hennar. Aktor i saka, statsadvokat Benedikte Høgseth, spør så om ho har innteke ei slags morsrolle for broren.

Aktor i saka, Benedikte Høgseth spurte i dag ut dottera til avdøde Trude Brenna Aasen.
Aktor i saka, Benedikte Høgseth spurte i dag ut dottera til avdøde Trude Brenna Aasen.
For snart eitt år sidan blei Trude Brenna Aasen funnen drepen utanfor bustaden til sin eksmann i Åsen. Han er sikta, og har innrømma å ha drepe sin tidlegare hustru.
For snart eitt år sidan blei Trude Brenna Aasen funnen drepen utanfor bustaden til sin eksmann i Åsen. Han er sikta, og har innrømma å ha drepe sin tidlegare hustru.

- Eg kan aldri erstatta mamma. Det vil eg aldri prøva på. Men eg kjem alltid til å vera der for deg, seier ho før ho ser på bror sin.

- Han hadde behov for å prata

Etter planen skulle eigentleg dag to i rettssaka halda fram der ein avslutta i går, med vidare utspørjing av den tiltalte 42-åringen. Dag to av rettssaka blei utsett med nesten to timar, og når dei først kom i gang, kunne forsvareren til den tiltalte opplysa om kvifor:

- Tiltalte er ikkje i stand til å møta i retten i dag. Han har samtykka til at saka kan halda fram utan han, seier advokat Per Magne Kristiansen.

Dermed heldt retten fram med utspørjing av politioverbetjent Kristoffer Siglend, som var med under pågripinga av 42-åringen. Han fortalte mellom anna korleis han oppfatta sikta då dei trefte han utanfor Os lensmannskotor der han venta på å bli gripen.

- Han var roleg og fatta. Han var ikkje ute av seg, men eg kunne sjå at han var skjelven i andletet. Som om han var forknytt. Det var tydeleg at det var ein ekkel oppleving. Han gjorde alt vi ba han om, og var ikkje vanskeleg. Han hadde behov for å prata og det han sa var truverdig.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politioverbetjenten fortalte at han også hadde spurt om når 42-åringen hadde bestemt seg for at han skulle ta livet av kona.

- Han sa at han hadde bestemt seg for det då han stod opp om morgonen.

Spørsmålet om drapet var planlagt eller ikkje, vil vera sentralt for straffeutmålinga. Tiltalte har innrømma forsettlig drap, men ikkje å ha handla med overlegg.

Synest synd på seg sjølv

Politibetjenten som sat saman med tiltalte i politibilen frå Os lensmannskontor til Bergen, forklarte seg også for retten i dag. Han fortalte at samtalen starta i Os og blei ikkje avslutta før dei kom fram.

- Han forklarte seg heilt roleg om kva han hadde gjort, og hadde ikkje problem med å fortelja kva som hadde skjedd. Det var som om han snakka om kvardagslege ting.

Når tiltalte så starta å snakka om at han følte seg svikta, og at det var han det var synd på, så forandra sinnstilstanden seg.

- Han tok seg eitt minutt for å samla seg då han snakka om bakgrunnen for dette. Det var temmeleg stor forskjell frå då han snakka om sjølve handlinga. Det var tydeleg at han følte at det var synd på han.

- Det var anten ho eller meg

Før retten tok pause blei naudanropet frå dottera avspelt. Den 30 minutt lange samtalen blei spelt av i si heilheit. Ho ringde politiet ei stund etter at ho hadde blitt oppringt av far sin, som fortalte kva han hadde gjort.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Han spurte om eg var åleine. Han fortalte at han hadde gjort noko forferdeleg dumt, og at eg kom til å hata han. Mamma er ikkje meir, sa han.

Vidare skal faren ha kome med detaljar om korleis han hadde gjort det og kor mora låg, før han gav beskjed om at ho måtte henta broren på fotballkamp.

- Eg spurte korleis han kunne vera så kald. Han svarte at "det var anten ho eller meg", og at hans liv er øydelagt uansett. Då sa eg at eg ikkje greidde å snakka med han meir og la på.

Mista mor og ein besteven

Dottera fortalte også at dei tidlegare var ein veldig samanspleisa familie. Dei var "team Aasen", sjølv etter at foreldra gjekk frå kvarandre. Ho har vanskeleg for å seia nøyaktig kva tid dette endra seg, men ho meiner at det var rundt februar, då dei hadde skrive under på skilsmissepapira.

- Mamma viste lite kjensler kring brotet. Ho sa aldri noko negativt om han. Han var skuffa og lei seg, og etter kvart blei han sint. Han begynte å seia meir stygge ting om mamma. Det eskalerte då han fekk vita om den nye kjærasten hennar, seier ho.

Ho har ikkje berre mista ei mor, men også ein besteven. Ho skildrar mora som så mykje meir enn berre ei mor.

- Vi var bestevener. Ho var alltid der for oss (borna, journ.mrk.). Mamma sette også meg og bror min høgast.

Har treft faren éin gong før rettssaka

Éin gong før rettssaka starta har dottera treft far sin. Ho hadde bestemt seg for at ho ikkje ønskte det, men då ho skulle levera broren på politistasjonen då han skulle vitja faren, såg ho han plutseleg, og bestemte seg for å treffa han likevel.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Den eg trefte var ikkje den eg forventa å møta. Det har eg brukt mykje tankar på etterpå. Det føltes som han hadde ein ro. Tidlegare måtte han ha musikk på øyrene og hadde ikkje ro i kroppen.

Då ho såg han att i rettssalen i går, var det ein annan mann ho såg.

- Han såg knust og ferdig ut. Som om han hadde gitt opp. Eg følte eg såg det menneskelege i han som ikkje var der i det førre møte.

Ho blei så spurt om kva ho tenkjer om åra som kjem og om ho ønskjer å ha kontakt med faren.

- Eg tenkjer at den døra er lukka. Eg veit ikkje om den noko gong kan bli opna. Eg er ikkje klar for det no.

Vidare fekk ho spørsmål om korleis tida har vore etter den tragiske hendinga.

- Det har vore frykteleg tøft og vanskeleg. Det er uforståeleg. Det å forsona seg med at mamma er død fordi ho er drepen av pappa, det går ikkje an.