I dag skal det bli strålande vêr. Det er berre til å nyta det, for det skal ikkje vara.
I dag skal det bli strålande vêr. Det er berre til å nyta det, for det skal ikkje vara.

– Det er berre til å nyta dagen

Vi har ikkje vore bortskjemte med flott vêr den siste tida. Torsdag ser ut til å bli strålande, men så er det på’an igjen.

– I dag blir det flott vêr. Det er litt skyer på himmelen no, men det ser ut til å klarna meir opp. Temperaturen er på veg opp og ut på ettermiddagen kan det bli kring 18 grader, seier vakthavande meteorolog, Martin Granerød og legg til:

– Det gjeld å nyta dagen i dag for dei som ønskjer å sjå sola, for det kan bli lenge til neste gong.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lågtrykk, skyer og nedbør

Fredag ser ikkje ut til å starta så aller verst. Ifølgje Granerød skal det ta til å regna anten på føremiddagen eller ettermiddagen.

– Vi kan få lange periodar med regn. Laurdag og søndag ser det ut til å bli ganske så vått, og det kan koma ein del vind, særleg laurdag – med vindkast på kring 20–25 meter per sekund. Det kan vera lurt å sjå til at eigendelar er sikra.

– Kva tid får vi sjå sola igjen etter i dag?

– I morgon tidleg, men etter det kan det vera ei stund til neste gong. Neste veke ser ut til å bli prega av lågtrykk, skyer og nedbør. Det kan gå over til bygevêr, slik at vi kan få gløtt av sol, men det er dagen i dag som gjeld om ein vil ha litt sol på seg, seier Granerød.