Renate Røttingen, Andrea Søfteland, Marius Aasen, Anette Vedholm, Tommy Aasen, Kjersti Danielsen og Robert Bøthun. Desse var ikkje til stades -  Oddvin Bøthun, Anne Elisabeth Røttingen, Asbjørn Aasen, Eivind Austevoll, Thea Engelsen, Eirik AndrÈ Hesthamar, Bjørg June Garvik og Iselin Møller.
Renate Røttingen, Andrea Søfteland, Marius Aasen, Anette Vedholm, Tommy Aasen, Kjersti Danielsen og Robert Bøthun. Desse var ikkje til stades - Oddvin Bøthun, Anne Elisabeth Røttingen, Asbjørn Aasen, Eivind Austevoll, Thea Engelsen, Eirik AndrÈ Hesthamar, Bjørg June Garvik og Iselin Møller.

– Det er ikkje berre om å gjera å samla inn mest mogleg pengar

Torsdag er det klart for den sjuande Redd Barna-cupen i Øyane.

Tommy Aasen er primus motor for Redd Barna-cupen. Han fortel at dei med åra har samla inn godt over 200.000 kroner på kiosk, loddsal, lukkehjul og liknande. Men det er ikkje berre pengebeløpet dei får inn til organisasjonen som er viktig.

– For lag er det gratis påmelding, og mykje av aktivitetane våre på dagen er gratis. Det er like viktig for oss at alle skal få ta del i arrangementet, og ikkje berre om å gjera å samla inn mest mogleg, seier Aasen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fremja bodskapen til Redd Barna

I år blir det fullt køyr på tre fotballbanar og éin volleyballbane frå morgon til kveld. Det er ein stor gjeng som syt for at alt går som det skal.

– Vi er åtte personar i styret. Totalt jobbar kring 12 aktive arrangørar fordelt på ulike grupper sjølve dagen. Vi håpar på kring 20–30 frivillige også, seier Aasen, og held fram:

– Redd Barna Cup er ei lokalgruppe i den større organisasjonen Redd Barna. Vi har som mål å fremja bodskapen deira og arrangera innsamlingar til inntekt for organisasjonen.

Den årlege dagen handlar om å utgjera ein skilnad.

– Det er ein familie- og aktivitetsdag. Det handlar om å setja fokus på barns tryggleik både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Frivillige eldsjeler

IL Øyglimt er samarbeidspartnaren til gruppa.

– Idrettslaget står for den sportslege gjennomføringa av turneringa. Dei stiller idrettsanlegget og deira utstyr til disposisjon, seier Aasen og held fram:

– Cupen blir planlagt og gjennomført av frivillige eldsjeler som gjev av si tid for å skapa ein arena for alle i lokalsamfunnet.