Sandal bru er stengd for trafikk.
Sandal bru er stengd for trafikk.

– Det er nok ein del som slit med å koma seg på jobb i dag

Teknisk vakt i Fusa, Trygve Glesnes, fortel at siste melding han høyrde, er at Sandal bru i Sævareid skal opna for trafikk i 10-tida fredag føremiddag.

I går ettermiddag blei brua først stengd for tyngre køyretøy, men du brua starta å siga, seinare i går kveld, måtte dei stengja vegen.

– Eg har ikkje vore og sett sjølv, men slik eg forstår det, er brukaret mura opp med stein på kvar side på skikkeleg gammaldags måte og så ligg det støyp oppå. Dei store vassmassane den siste tida har greve vekk mykje av massane slik at brua har starta å siga, fortel Glesnes, som presiserer at han ikkje har sett på brua sjølv.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lang omkøyring

Statens vegvesen var på plass i går, og siste meldinga Glesnes fekk høyra, var at dei skulle få på plass ei mellombels bru.

– Den skulle leggjast oppå brua, og det blei sagt at vegen skulle opna i 10-tida fredag føremiddag. Storleiken på den mellombelse brua veit eg ikkje, men eg reknar berre med at alle køyretøy kan passera.

Dei som bur «på feil side av brua» får ein lang veg til skule og jobb i dag.

– Det er nok ein del som slit med å koma seg på jobb i dag. No er det omkøyring på strekket Ølve-Gjermundshamn-Mundheim og så vidare. Det tek si tid, seier Glesnes.

Os & Fusaposten har førebels ikkje lukkast å få kontakt med Statens vegvesen.