Her er delegasjonen frå Os i ein av gondolane opp fjellet Hoven i Nordfjord, saman med Odd Rune Flo (med kaps), som er sals- og marknadssjef i Loen Skylift.
Her er delegasjonen frå Os i ein av gondolane opp fjellet Hoven i Nordfjord, saman med Odd Rune Flo (med kaps), som er sals- og marknadssjef i Loen Skylift.

– Det er slett ikkje urealistisk med taubane opp Borgafjellet

Representantar frå Os kommune, næringsrådet og Visit Bjørnefjord er på studietur til skyliften i Loen.

Blant dei som er på tur til Loen, er næringssjef Daniel Skotheim.

– Er det næringssjefen som har tenkt å gå ut med eit smell ved å syta for taubane opp Borgafjellet?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det hadde vore utruleg artig, men vi er ikkje der no, seier Skotheim.

Næringssjefen reiste på studietur saman med næringskonsulent Jon Sivert Rykkel, ordførar Terje Søviknes, prosjektsjef Halvor Hanevik, dagleg leiar i Bjørnafjorden næringsråd Mette Fagerli og styreleiar Hans Parnefält – som også sit i styret i Visit Bjørnefjord.

– Studieturen er todelt. Det handlar om turisme, og ringverknader med attraksjonar som denne taubanen, og det handlar om taubane opp Borgafjellet.

Slik såg det ut på toppen i dag.
Slik såg det ut på toppen i dag.
Anlegget skal ha kosta 300 millionar kroner.
Anlegget skal ha kosta 300 millionar kroner.
Jon Sivert Rykkel, Terje Søviknes, Halvor Hanevik, Mette Fagerli, Hans Parnefält og Daniel Skotheim (bak kamera) var onsdag på tur til Loen i Nordfjord.
Jon Sivert Rykkel, Terje Søviknes, Halvor Hanevik, Mette Fagerli, Hans Parnefält og Daniel Skotheim (bak kamera) var onsdag på tur til Loen i Nordfjord.

Enorme ringverknader

Næringssjefen fortel at ein må vera brutal i forslag for å få i gang ein diskusjon, men han understrekar at det er fullt alvor i taubane-forslaget.

– Det er slett ikkje urealistisk, men det er ein veg å gå. Det er imponerande det dei har fått til her i Loen. Det har vore ein lang veg å gå, sjølv om dei fekk det til på kort tid. Privatpersonar har kjøpt aksjar, og gutsen – og ikkje minst samarbeidet – har vore stort. Det er interessant å høyra kor enorme ringverknader det har hatt for næringslivet og turisme.

Midthordland – eit svart hol

I august i fjor skreiv Os & Fusaposten at kommunen var eitt steg nærare taubane, etter at Hordaland fylkeskommune løyva 95.000 kroner til eit forprosjekt for å sjå på høva for å realisere tanken. Det blei sagt at dei skulle vera ferdige med ein moglegheitsstudie innan utgangen av 2018. Forprosjektet omfattar moglege traseval, gjennomføring, kostnadsestimat og ulike taubane/gondolløysingar. Det skal også utgreiast kor stort potensialet for besøk er, og økonomien i prosjektet, i tillegg til behovet for annan infrastruktur, medrekna tilkomst, parkering og trafikkavvikling.

– Vi har framleis som mål å vera ferdige innan utgangen av 2018, men det kan bli forseinkingar, om det er andre ting som må prioriterast. Turisme er ein viktig del av det vi har som strategisk næringsplan for Os kommune og reiseliv er eit av fokusområda. Det handlar ikkje berre om taubane. Vi må stilla spørsmål som kor attraktive er vi, og kva for attraksjonar har vi? Treng vi taubane? Slike diskusjonar er viktige å ta, for per i dag er Midthordland eit svart hol i reiselivs- og turismenæringa.

– Reaksjonane var som venta

Då ideen om taubane først blei lansert, var det ikkje akkurat hallelujastemning.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva synest du om reaksjonane som kom?

– Det var 100 prosent som forventa. Dei fleste lurte på kva i all verda dette var for noko. Det er vel same reaksjon som folk hadde då Fløibanen og Ulriksbanen blei lanserte. Folk er normalt skeptiske før ein får noko opp og dei kan sjå korleis det blir, seier Skotheim.

– Kor langt unna er vi ein taubane opp Borgafjellet?

– Om det er nokon som verkeleg brenn for dette prosjektet og ønskjer å bidra, så er det i alle fall ikkje umogleg. Loen har greidd det på tre år, men det vil ikkje seia at vi har taubane opp Borgafjellet i 2021, seier han og smiler.

Fakta om Loen Skylift:

Loen Skylift er ein gondolbane i Loen i Nordfjord. Banen går omtrent frå sjånivå til fjellet Hoven 1.011 meter over havet – og er ein såkalla pendelbane der dei to gondolane går vekselvis opp og ned. Banen blei opna 20. mai 2017 av dronning Sonja. Anlegget kosta 300 millionar kroner.