Tre hjort er blitt påkøyrd i Fusa på elleve dagar. Politiet ber fusingane vera på vakt, og om uhellet er ute, er ein pliktig til å melda frå.
Tre hjort er blitt påkøyrd i Fusa på elleve dagar. Politiet ber fusingane vera på vakt, og om uhellet er ute, er ein pliktig til å melda frå.

– Det er straffbart å ikkje melda frå

På to dagar er to hjort påkøyrd på Austestad i Fusa på same stad til omlag same tid, men berre ein bilist stoppa.

– Han som var uheldig og køyrde på hjorten i dag, melde frå til politiet, så vi fekk meldt vidare til viltnemnda. Vedkomande som var uheldig i går, gjorde ikkje det. Det er straffbart å ikkje melda frå. Ein som kom køyrande rett etterpå, fann den skadde hjorten og tok kontakt med oss, seier politibetjent i Fusa, Kjartan Svendsen.

Tre på elleve dagar

Skadar på bilen blir dekka av forsikringa om ein melder ifrå. Det gjer dei ikkje om ein let vera.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ikkje greitt å køyra på dyr og ikkje melda frå om det, seier Svendsen, og legg til at det alt har vore tre hjortepåkøyrslar i Fusa i 2018.

– Tre påkøyrde hjortar på elleve dagar er eit høgt tal. Det er berre til å vera vakne og køyra forsiktig, seier politibetjenten.