Mariann Særvold Sælen, Solveig Margrethe Lyngbø og resten av dei frivillige i Oskatten, får nye saker kvar veke.
Mariann Særvold Sælen, Solveig Margrethe Lyngbø og resten av dei frivillige i Oskatten, får nye saker kvar veke.

– Det er straffbart å reisa frå kjæledyret sitt

Fellesferien nærmar seg med stormskritt. Oskatten minner om at det ikkje er lov å reisa frå kjæledyra i ferien. – Det kan bli dyrt, seier Solveig Margrethe Lyngbø.

– Det er diverre mange som reiser frå kjæledyra sine, særleg katteeigarar, seier Lyngbø.

Det er straffbart å reisa frå kjæledyra utan at ein har avtalt med nokon som kan sjå til dei, fortel damene i Oskatten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Om ein skal vekk i ei veke, er det ikkje greitt å setja ut mat og vatn for den veka. Det som skjer då, er at alt forsvinn på ein dag – fordi andre kattar og dyr kjem og forsyner seg. I Mattilsynet sine reglar står det også at kattane skal ha menneskeleg kontakt i minst ein time kvar dag, og at kattedoen skal bli gjort rein. Elles kan det koma sjukdomar, seier Mariann Særvold Sælen.

Har det best heime

Vidare fortel dei to at det ikkje er ei unnskyldning at ein ikkje fekk plass på eit kattepensjonat.

– Det er noko ein bør ordna i god tid. Det er også mange skuleungdomar, eg har sjølv sett fleire, som går ut i sosiale medium og skriv at dei ønskjer ein sommarjobb. Det er mange måtar ein kan ordna seg på, seier Særvold Sælen.

Lyngbø nikkar, og seier at den beste løysinga er å lata kattane vera heime, men då med nokon som kan passa dei.

– Katten har det best i sin eigen heim. Det gjeld alle dyr. Det er ikkje betre om dei blir flytta på, for om dei då kjem seg ut, er det lett for at dei blir heimlause kattar, seier Lyngbø.

Naboar er flinke til å seia frå

Mattilsynet har delt ut bøter i Os, seinast i år – til folk som har reist frå kattane sine. Maksboten ein kan få for å reisa frå kjæledyret sitt, er 17.500 kroner.

– Både Mattilsynet og andre organisasjonar, som Oskatten, får mange meldingar. Naboar er opplyste og flinke til å seia ifrå, så det er mange som følgjer med i dei ulike nabolaga der ute, seier Lyngbø.

Mattilsynet har ikkje meldeplikt til Oskatten om dei har vore ute på saker i kommunen, men likevel får organisasjonen i Os ofte med seg om det er skjedd noko.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Os er ei lita bygd, slik sett, seier Særvold Sælen som saman med resten av Oskatten har travle tider. No for tida får dei inn saker kvar einaste veke.

– Det gjeld ikkje berre kjæledyr som er reist frå, men også eigarlause kattar. I tillegg får me bekymringsmeldingar om kattar som har eigarar. Desse kan vi likevel ikkje gjera noko med anna enn å melda frå til Mattilsynet. Vi kan ikkje reisa ut og kidnappa kattar som ikkje har det bra med eigarane sine. Det verkar også vera slik at dei som ikkje kan eller vil ha kattane sine lenger, trur at dei berre kan gje dei til oss. Det går ikkje. Vi kan ikkje ta i mot dei. Vi har ikkje noko stad å plassera alle saman, seier Særvold Sælen.

– Min generasjon er håplaus

Ein kan altså få ei saftig bot for å reisa frå kjæledyret sitt. Det kan ein også få om ein vel å dumpa kattane sine.

– Då er det ikkje berre ei sak for Mattilsynet heller. Då kjem straffelova inn i biletet, seier Lyngbø.

Dei to er klare på at det som er det største problemet for kattar, er at dei er gratis.

– Når bereposane på Kiwi kostar meir enn eit dyr, så er det for gale. Kattar er det einaste dyret som er gratis. Kosedyra til ungane kostar meir enn eit levande dyr. Det er nok ein stor del av grunnen til at ein del menneske berre reiser frå eller vil gje dei frå seg, seier Særvold Sælen.

– Det er særleg min generasjon som er håplaus. Heldigvis er det betring å spora frå Mariann sin generasjon og nedover, seier Lyngbø.

Oskatten ønskjer ikkje å retta peikefingeren mot folk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi ønskjer ikkje å kjefta, men å opplysa. Det er nok diverre mange som tenkjer at det er heilt greitt å reisa frå kjæledyra, men det er det ikkje og det er straffbart, seier Særvold Sælen.