Osbygdo lever godt. Framleis god vekst i tilflytting viser at Os er ein attraktiv kommune å bu i for alle generasjonar. Og med opninga av siste nybygg på Luranetunet friskt i minne ser ein at Os igjen leverer.
Osbygdo lever godt. Framleis god vekst i tilflytting viser at Os er ein attraktiv kommune å bu i for alle generasjonar. Og med opninga av siste nybygg på Luranetunet friskt i minne ser ein at Os igjen leverer.

Det lyser i alle grender

Det stundar mot jul. Alle har sikkert meir enn nok å ta seg til i desse dagane før julehøgtida set inn for alvor. Det går og mot slutten av 2017. Eit innhaldsrikt år på mange måtar.

I politikken vart det endringar i Os-bygdo då ordførar Søviknes blei henta inn til regjeringa på tampen av 2016. Os kommune fekk ny ordførar og varaordførar. Både ordførar Marie L.Bruarøy og underteikna har prøvd å gjort vårt beste for innbyggjarane i Os kommune. Sjølvsagt er det ikkje enkelt å hoppa etter Wirkola. Og når denne Wirkolaen heitte Terje Søviknes, vart det i alle fall ikkje enkelt. Men me gjer det vi kan for å skjøtta verva våre på ein god måte.

Og vi har fått både ris og ros. Noko vi lærer av heile tida. Utfordringar har det og vore. Både på god og vondt. Enten det var ei politisk krevjande sak eller ein fugl som tok agurknyhende til nye høgder. Ein kjem heller ikkje unna det at det har vore mykje aktivitet i prosessen mot den nye kommunen Bjørnafjorden. Første møte eg hadde i styringsgruppa blei ei heller tung oppleving. Men eg tenkte at ting går seg til. Då ein held fram i fellesnemda med den same kjensla, blei eg verkeleg bekymra over at ting ikkje går seg til, men vert vridd og vrengt i form av omkampar. Eg vonar at juleferie og påfyll av julekos og julegleder gjev eit godt påfyll av gode tankar og ønske for nye Bjørnafjorden kommune. Me treng all tid og fokus på framdrift fram mot 2020.

Artikkelen held fram under annonsen.

Osbygdo lever godt. Framleis god vekst i tilflytting viser at Os er ein attraktiv kommune å bu i for alle generasjonar. Og med opninga av siste nybygg på Luranetunet friskt i minne ser ein at Os igjen leverer.

Budsjettet for 2018 vart vedteke for nokre dagar sidan. Rådmannen med sitt budsjett gav oss ikkje mykje politisk handlingsrom. Men vi fant nokre kroner til gode og viktige saker som skal gagna både unge og eldre. Her vil eg særleg trekkja fram gratis hall/lokale-leige for born og unge, meistringsteam også på barnetrinnet, klasseturar for 10. trinn, utstyr til open omsorg, oppgradering av uteområdet på Luranetunet og ved Kuhnletunet. Eg vil tilrå alle å lesa budsjettet på os.kommune.no.

Frp vil takka H og V for godt budsjettsamarbeid.

På heimebane gler vi oss ekstra til jul i år. Fyrste jul i nytt hus er alltid stas. Men ekstra spesielt for vår del når ein mista det vi hadde, og måtte byggja nytt. Men alt går seg til.

Eg vil med dette takka alle for året som snart ebbar ut.

Ønskjer alle i alle grender, både i Os og Fusa, ei gledeleg og fredelig julehøgtid.

Laila Reiertsen

Varaordførar i Os