82 år gamal - framleis i fullt arbeid som internasjonal petroleumskonsulent - tok Farouk Al-Kasim senioruniversitetet med inn i ei verd rundt olje og oljeutvinning.
82 år gamal - framleis i fullt arbeid som internasjonal petroleumskonsulent - tok Farouk Al-Kasim senioruniversitetet med inn i ei verd rundt olje og oljeutvinning.

Det norske oljeeventyret sett frå innsida

Dei frammøtte i Os Senioruniversitet fekk eit unikt innblikk i det norske oljeeventyret måndag.

Sola skein over Bjørnefjorden måndag. 125 seniorar valde likevel å gå inn i Oseana denne fine føremiddagen til det første møtet i Os Senioruniversitet i haust. Og valet var klokt. Foredragshaldar Farouk Al-Kasim var vel verd å høyra på.

82 år gamal - framleis i fullt arbeid som internasjonal petroleumskonsulent - tok Farouk Al-Kasim dei frammøtte med inn i ei verd rundt olje og oljeutvinning. Ei litt framand verd for dei fleste, sjølv om vi lever i "oljelandet Noreg". Foredragshaldaren er ikkje berre ein kapasitet på feltet, han er òg ein av dei som i alle åra sidan det første oljefunnet på norsk sokkel vesle julaftan 1968, har vore med og lagt føringar for det han kalla for Det norske oljeeventyret.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klarsynte og framtidsretta

Sjølv kom han saman med norsk kone og born frå Irak til Noreg i 1968, utdanna som oljeingeniør frå England - ei spesialutdanning som til då var ukjend i landet vårt - og med arbeidserfaring frå oljeverksemd i Irak. Han kunne tolka data frå undersøkingar. Landet vårt mangla denne ekspertisen, og han vart tilsett som konsulent i Industridepartementet og frå 1972 som ressursdirektør i Oljedirektoratet.

Tilhøyrarane har alle levd gjennom utviklinga av Noreg som ein oljenasjon og erfart kva utviklinga har ført med seg, ikkje minst av velstand. Al-Kasim gav oss på mange måtar eit nytt bilete av historia rundt olja, han gav oss eit nytt perspektiv: Noreg som oljenasjon sett i høve til andre oljeproduserande land. Og han slo først fast at verda er imponert over landet si handtering av oljeverksemda. Her lista han opp ulike tilhøve, først og fremst den klare og vellukka nasjonale styringa av oljeverksemda. Staten stiller forventningar, og dei internasjonale oljeselskapa må handla ut frå landet vårt sine eigne premissar. I samband med dette gav han politikarane på 70-talet stor ros for at dei var særs klarsynte og framtidsretta.

Offshoreindustri i verdsklasse

Svært mange andre land med oljeverksemd er blitt ramma av det foredragshaldaren kalla oljeforbannelsen, medan Noreg ved hjelp av effektiv styring bort frå å vera totalt avhengig av olja, har slept unna dette problemet.

Parallelt med utbygging av oljeindustrien kom det vekst i andre delar av økonomien, og ein aktiv og lukrativ offshoreindustri i verdsklasse kom på beina før 10 år var gått.

Offshoreindustrien gjorde seg nytte av erfaringa som sjønasjon med kunnskap om tilhøva på havet og veret der. Og ikkje minst så sytte oljeverksemda i Noreg for ein langt større utnyttingsgrad av oljefunna, frå 25-30% utnytting på verdsbasis og opp til 48% for funn på norsk sokkel. Og sjølv om det stadig kjem opp diskusjonar om oljeutvinning og miljø, så viste Al Kasim også til vellukka miljøomsyn som ein viktig faktor til at Noreg har klart seg godt.

Korrupsjon og intrigar

Som teikn på oljeforbannelse vart det vist til land der den økonomiske veksten utanom oljeindustrien var stoppa heilt opp. Desse landa er totalt avhengig av olja, og har gjerne ein kultur for rask inntening i staden for langsiktig tenking, korrupsjon og intrigar rår, det kjem til borgarkrigar, personleg vinst i staden for fellesskapstenking, svekka styresett og manglande planlegging som fører til ei rask uttapping av oljekjeldene. Og inntektene frå olja vert ofte kanalisert ut av landet og til internasjonale bankar.

Det var ikkje vanskeleg å kjenna att desse skildringane.

Vanskelegare var det kanskje å sjå si eiga samtid her i landet. I alle fall var det interessant å bli opplyst om korleis Noreg gjennom ei restriktiv lisensiering, med langsamt tempo og utvikling av få felt om gangen, har fått ei sunnare og meir robust utvikling som har sikra ei gradvis tilpassing til oljeverksemda, både i økonomi og levevis.

Artikkelen held fram under annonsen.

Viktig å merka seg er det òg at det heilt frå starten var politisk konsensus om ei sterk sosial styring av oljeverksemda, noko som i 1971 førte til "Dei 10 oljeboda" som vart tverrpolitisk vedtekne og som har lagt i botn for all utvikling.

Det største mirakel er etter foredragshaldaren si meining at desse avtalane har vore haldne fram til i dag. Dette har hausta stor respekt rundt i verda og er noko ein bør vera stolte av, hevda han.

Kva med framtida?

Framtida i oljeverksemda - korleis ser ho ut? Al-Kasim viste til fleire gode nyhende: Meir enn halvparten av ressursane står att - for det meste gass, kunnskapen og kompetansen innan verksemda aukar kvar einaste dag, her er aktørar med solid erfaring, landet har ein særs vellukka modell for samarbeid mellom staten og oljeselskapa, Noreg er midt oppi den europeiske gassmarknaden og nasjonen er ikkje heilt avhengig av olje og gass.

Men han såg også utfordringar som at det ikkje finst fleire gigantfunn, berre mellomstore og små felt. Prisutsiktene for olje og gass er usikre. Andre døme på utfordringar i verksemda er aukande konkurranse frå alternativ energi, aukande krav for miljøvenleg drift, auka krav til teknologi, aukande trong for vedlikehald og fornying av infrastruktur og utstyr samt redsle for at det ikkje blir gjort nok for å sikra nytenking og kompetanseheving.

Uansett korleis det går, trøysta foredragshaldaren, at når Noreg meistra overgangen til oljealderen utan skade, så vil landet òg kunna meistra andre endringar og overgangar.

Fleire tilhøyrarar heiv seg frampå då det vart gitt høve til spørsmål. Farouk Al-Kasim synte oss både gjennom foredraget og svara at han er ein klok mann, audmjuk mann, som har hatt mykje å seia for det norske oljeeventyret.

Lill-Karin Wallem

Os Senioruniversitet