Både politi og helsepersonell kom raskt til Nore Neset idrettspark onsdag kveld.
Både politi og helsepersonell kom raskt til Nore Neset idrettspark onsdag kveld.

– Det ser ut til å gå bra med guten

I fylgje politiet går det «tilsynelatande bra» med den 8 år gamle guten som hamna under ein bil på Nore Neset onsdag kveld.

– Ja, heldigvis har det tilsynelatande gått bra, seier politioverbetjent Rune Fimreite.

Ifølgje vitne til hendinga, skal guten ha sprunge etter ein ball som gjekk under ein bil. Bilføraren skal ikkje ha registrert guten, og starta å køyra.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det samla seg mykje folk kring hendinga, og både foreldre og bilføraren var tydeleg prega av hendinga. Guten skal ha vore bevisst då han blei køyrd til sjukehuset, men i tydelege smerter.

– Kva skjer vidare med bilføraren?

– Vi vil nok få meir informasjon etter kvart, men basert på det vi veit, har vi vurdert det som eit hendeleg uhell og valt å ikkje ta beslag i førarkort.

– Betyr det at saka ikkje vert etterforska vidare?

– Nei, det betyr det ikkje. Det er oppretta sak, men vi har alt snakka med fleire vitne til hendinga og er godt i gang med etterforskinga, seier Fimreite.

– Vil politiet vitja Nore Neset skule for å snakka med elevane i dag?

– Nei, vi var i kontakt med rektor Børge Lunde i går kveld og skulen vil fylgja opp medelevane vidare.

anne-marie@osogfusa.no