Kultursjef Lisbeth Lunde Axelsen og ordførar Marie Bruarøy er klare på at Sverre Lunde Pedersen skal feirast når han kjem heim frå OL i Pyeongchang.
Kultursjef Lisbeth Lunde Axelsen og ordførar Marie Bruarøy er klare på at Sverre Lunde Pedersen skal feirast når han kjem heim frå OL i Pyeongchang.

– Dette må markerast når Sverre kjem heim

Ordførar Marie Bruarøy er den første ordføraren i Os som får gratulera ein osing med OL-gull. Om nokre dagar ønskjer ho å gjera det live.

– Det er klart me må markera dette når Sverre kjem heim. Bronse og gull i OL er jo heilt fantastisk. Me er sååå stolte av det han har prestert, seier Bruarøy.

Måtte lesa seg opp

Ordføraren fekk ikkje sett lagtempo-finalen på TV. I staden brukte ho minutta etter løpet til å lesa seg opp på internett.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me var dessverre opptekne i møte då finalen gjekk, men eg har jo no fått med meg kor solid og suverent det norske laget var. Ekstra kjekt synest eg det er at dei slo skeisenasjonen Nederland, seier ordføraren.

Vil leggja ein plan

I lag med kultursjef Lisbeth Lunde Axelsen gjekk Bruarøy alt onsdag ettermiddag i gang med å planleggja korleis dei vil markera den historiske OL-medaljøren når han kjem heim til heimkommunen.

– Lisbeth er god på slike ting. Eg er sikker på at me kjem på noko artig. Viktig er det i alle høve at heile bygda får feira han. For det har han fortjent, konstaterer Bruarøy.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no