Andrine Brunvatne Kvittingen, Benjamin Midtbø og Elin Rossland representerte elevane i ungdomsskulane i Os på møtet onsdag kveld. Dei fortalte dei vaksne at ungdomane ønskjer seg ein kafé berre for dei og/eller ein ungdomsklubb.
Andrine Brunvatne Kvittingen, Benjamin Midtbø og Elin Rossland representerte elevane i ungdomsskulane i Os på møtet onsdag kveld. Dei fortalte dei vaksne at ungdomane ønskjer seg ein kafé berre for dei og/eller ein ungdomsklubb.

Dette ønskjer ungdomen seg

Tre elevrådsrepresentantar frå ungdomsskulane i Os deltok onsdag kveld på møtet som handla om å finna ut kva ungdomen i bygda saknar av fritidstilbod.

På møtet onsdag kveld deltok representantar frå elevråd, politisk leiing, MOT, politiet, kultureininga i Os, ungdomsrådet og kultureininga i Fusa og rådgjevarar frå skulane. Ungdomskoordinator i Radøy, Katarina Birkeland, kom også saman med ungdomar frå ungdomsrådet i Radøy for å dela sine erfaringar. Då møtet blei spikra i mars, uttalte kulturkonsulent i Os kommune, Kjetil Osablod Grønvigh, til Os & Fusaposten at dei hadde kome fram til at eit mindre møte var best i førsteomgang.

– Vi treng å sondera terrenget – høyra med ungdomen sjølv, og sjå på kva alternativ som finst, sa Grønvigh til Os & Fusaposten då.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil ha kafé for ungdomar

Onsdag fekk dei vaksne høyra frå ungdomen sjølv kva dei ønskjer.

– Vi har snakka med klassane på skulen. Det vi har komne fram til er at det er eit godt tilbod til dei som driv med idrett og musikk, men at ein treng eit betre tilbod til dei som ikkje driv med det. Vi har eit forslag. Det er ein ungdomskafé styrt av vaksne som vi kjenner. Vi ser også føre oss å ha bord, stoler og kanskje bordtennis- og biljard-bord. Då har dei som hengjer på Os ein stad å vera, seier Andrine Brunvatne Kvittingen frå Nore Neset ungdomsskule.

Det var mykje det same dei hadde kome fram til på Os ungdomsskule.

Marthe Vågenes Solheim, Steffen Vestheim Sævdal og Katarina Brikeland kom frå Radøy for å fortelja om suksessen til ungdomsrådet og ungdomsklubben i kommunen.
Marthe Vågenes Solheim, Steffen Vestheim Sævdal og Katarina Brikeland kom frå Radøy for å fortelja om suksessen til ungdomsrådet og ungdomsklubben i kommunen.
Vegard Fosså i ungdomsrådet i Fusa hadde laga ein presentasjon som viser korleis ungdomsrådet jobbar og kva dei jobbar for.
Vegard Fosså i ungdomsrådet i Fusa hadde laga ein presentasjon som viser korleis ungdomsrådet jobbar og kva dei jobbar for.

– Vi etterlyser ein ungdomsklubb, seier Elin Rossland frå Os ungdomsskule.

160 ungdomar på klubbkveld

Vegard Fosså i ungdomsrådet i Fusa, hadde laga ein presentasjon som syner korleis ungdomsrådet jobbar, kva dei jobbar med, og ei undersøking som syner kva ungdom i Fusa saknar.

– De må ikkje undervurdera eit ungdomsråd. Der kan ungdom vera med og endra og påverka saker som dei er opptekne av.

Fosså nemnde også kor viktig han meiner det er med eit lågterskel tilbod.

– Det er viktig, fordi at innan idrett og kultur – når ein kjem litt opp i ungdomsåra – må ein vera flink. Eg trur ikkje det er mange 16-åringar som startar med fotball for då er dette blitt eit tilbod til dei som er gode. Det er ikkje lenger eit tilbod for alle.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Radøy har dei gode erfaringar med både ungdomsråd og ungdomsklubb. Dei starta ungdomsklubb i 2011, og i 2012 hadde dei fått sitt eige klubbhus.

– Vi har fokus på uorganisert ungdom mellom 12–19 år, og vi jobbar for at born og unge skal ha ein kjekk og trygg oppvekst. I starten var det 30 ungdomar som møtte på klubbkvelden, som vi har ein gong i veka. No er det 160. Alle arrangementa våre er rusfrie, seier ungdomskoordinator, Katarina Birkeland og held fram:

– Vi hadde ei utfordring i forhold til rus i starten. Det var ungdom som prøvde seg på arrangementa. Vi har strenge reglar, og dei som bryt reglane vert sende heim. No er ungdomen blitt vane med at det er rusfritt, og vi har ikkje dei same problema som i oppstarten.

Ungdom må få velja sjølv

Representanten frå Fusa ungdomsråd, Fosså, er imponert over talet ungdom som kjem på klubbkvelden kvar veke på Radøy.

– Kva trur de er årsaka til at så mange nyttar tilbodet?

– Vi har eit eigarforhold til det. Ungdom får styra sjølv. Ungdom ser fram til å gå på klubbkvelden og rykte spreier seg til andre, seier Steffen Vestheim Sævdal i ungdomsrådet.

Etter innlegga og ein kort pause, tok kommunalsjef for oppvekst og kultur, Line Rye, ordet.

– Møtet i dag er tenkt som ein oppstart for arbeidet vidare. Radøy har gjeve oss god input om arbeidet deira, og vi har sett på mange av stikkorda dei kjem med. Det er fleire ting vi har prøvd ut før - og har erfaringar med. Eg trur heile poenget, som også går igjen her, er at ungdom sjølv må få velja og vera med og bestemma, sa Rye før ho opna for spørsmål og innspel.

Artikkelen held fram under annonsen.

Først oppe med handa, var rektor ved Os ungdomsskule, Kåre Lutro.

– Kjetil starta med å visa avisartikkelen til Os & Fusaposten som vel utløyste denne debatten, med spørsmål om vi har utelate nokon, gløymd nokon, eller om det er ungdom som vi ikkje har teke godt nok vare på. Det er utgangspunktet for at vi sit her. Er vi gode nok? Det er mange i kommunen som er veldig flinke med born og unge, men det er ikkje sikkert at vi har eit tilbod som treffer alle – særleg dei uorganiserte. Er det nokon i Os kommune som har gjort ei “marknadsundersøking” på kor mange det er som kan tenkja seg eit tilbod som ein stad å vera og å treffa andre? Det er viktig at ungdomen sjølv får vera med og bestemma.

Kontakta ungdom på skulen

Rådmann i Os, Christian Fotland, sa at det er viktig å kartleggja meir nøye før ein set i gang noko.

– Elevråda har snakka med ungdom. Det er vel og bra, men vi må kartleggja meir. Vi kan laga spørsmål som alle klassane i ungdomsskulen og vidaregåande skule kan svara på. Vi må la dei koma med innspel og høyra på dei.

Representantane frå Radøy råda Os til å ta med ungdomar som kan utforma spørsmåla.

Inspektør ved Os ungdomsskule, Anne Solberg Andersson, fortalde at ho har gjort ei “råundersøking” på skulen.

– Det som går igjen, er at ungdomen er redd for at vaksne skal overorganisera ting. Dei sa at då går dei to gonger, så gidd dei ikkje det meir. Eg trur at det er viktig å snakka med ungdom som «heng» og høyra kva dei vil, seier Andersson.

– Bør få eit ungdomsråd i Os

Kjetil Osablod Grønvigh fekk siste ordet for kvelden. Han meiner at Os berre må ta utfordringa frå Fusa og få i gang eit ungdomsråd.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi bør starta der. Korleis vi organiserer det og får dei valt inn, får vi sjå på, seier han før han legg til:

– Eg må få takka at de kom frå Radøy, og får at eg fekk stadfesta det eg alt visste frå før av – at om vi gjev ungdom ansvar, så er det fleire som deltek og det blir større oppslutning. Det har vi sett i fleire prosjekt, som i UKM.