Elise Tveit Sælen blei lei seg då ho såg kor mykje boss som låg langs Hatvikvegen, og bestemte seg for å skriva lesarbrev til avisa.
Elise Tveit Sælen blei lei seg då ho såg kor mykje boss som låg langs Hatvikvegen, og bestemte seg for å skriva lesarbrev til avisa.

– Dette vil eg ha slutt på

Elise Tveit Sælen er berre åtte år, men det stoppar ikkje ho frå å meina noko om dei som kastar boss i naturen.

Etter ein tur langs Hatvikvegen for eit par veker sidan, bestemte Elise seg for at ho ønskte å skriva eit lesarbrev i avisa, i håp om å få slutt på forsøpling.

– Eg fann mykje rart langs vegen. Snusboksar, røykpakkar, papir og mykje flaskar, seier Elise og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ikkje lurt å kasta boss i naturen for då kan naturen bli øydelagt, ville eg ha sagt til dei som kastar boss langs vegen.

Her er lesarbrevet til Elise:

Eg har gått tur langs Hatvikvegen, og fann mange flasker, snusboksar og mykje anna boss. Dette vil eg ha slutt på. Ta med dykk bosset heim. Ikkje kast i naturen, skriv Elise Tveit Sælen (8 år)