Brann-keeper Alex Howart bomma stygt på ballen og meide ned Ole Thomas Herrem etter 2 min spel. Her skulle det vore straffe til Lysekloster.
Brann-keeper Alex Howart bomma stygt på ballen og meide ned Ole Thomas Herrem etter 2 min spel. Her skulle det vore straffe til Lysekloster.

Dommaren feiga ut

Ut i frå desse bileta skulle det vera liten tvil om at dommaren såg nedrivinga av Ole Thomas Herrem. Lysefjordingane meiner dommaren feiga ut då han ikkje blåste straffe.

Knappe to minutt var gått av kampen då Lysekloster-angriper Ole Thomas Herrem headar ballen forbi Brann-keeper Alex Howarth og blir meid ned av amerikanaren. Dommaren spring like bak. Det blir stopp i spelet, samtlege på tribunen venter at han skal peika på straffemerket, så markerer dommaren for utspel frå keeper, altså fem-meter.

– Det der var veldig feigt av dommaren. Det er ikkje det at han gjer ein feil, han berre vågar ikkje å gje straffen som Lysekloster skulle ha, rett og slett fordi motstandaren er Brann, seier tidlegare Lysekloster-trenar Ørjan Sandal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Noverande trenar, Ruben Hetlevik, er like klar i talen.

– Ole Thomas blir klippa rett ned. Det kan ikkje vera tvil om kva ein skal blåse når ein ser slike situasjonar, sukkar Hetlevik.

 

Vart stokk stiv

Hovudpersonen sjølv fekk så vondt i låret etter møtet med Branns sisteskanse at han litt ut i første omgang måtte forlata banen.

Den unge tilhengjarskaren til Lysekloster bydde på gode heiarop og utkonkurrerte Brann-fansen fullstendig.
Den unge tilhengjarskaren til Lysekloster bydde på gode heiarop og utkonkurrerte Brann-fansen fullstendig.
Før kampen lydde høglytte "munkehyl" frå berget på nordsida av banen.
Før kampen lydde høglytte "munkehyl" frå berget på nordsida av banen.
Det var ein stolt gjeng med Lysekloster-maskottar som fekk følgja spelarane inn på banen.
Det var ein stolt gjeng med Lysekloster-maskottar som fekk følgja spelarane inn på banen.
Kristoffer Østervold var blant dei som stundom klarte å matcha Branns midtstopparar på hovudet, men Bismar Acosta og Azar Karadas var sjølvsagt ikkje enkle å skubba seg på.
Kristoffer Østervold var blant dei som stundom klarte å matcha Branns midtstopparar på hovudet, men Bismar Acosta og Azar Karadas var sjølvsagt ikkje enkle å skubba seg på.
Ole Thomas Herrem var god i starten, men måtte av banen etter møtet med Branns sisteskanse.
Ole Thomas Herrem var god i starten, men måtte av banen etter møtet med Branns sisteskanse.

– Eg hadde sååå lyst til å spela vidare, men det gjekk ikkje. Eg vart stokk stiv i låret, fortel Herrem.

Han tenkjer at situasjonen burde utløyst både straffe og utvisning.

– Det ville blitt ein annan kamp om dommaren hadde gjeve oss straffe og vist ut Howarth. Felling var det i alle fall. Eg vart klippa ned, og det gjorde vondt, seier Lysekoster-spelaren.

I pausen spurte Os og Fusaposten dommaren om ein kommentar til situasjonen. Det får me ta seinare, sa dommaren då.

Ifølgje nye reglar er det visst slik at om keeperen vitterleg går etter ballen, så skal han ikkje ha utvisning. Spørsmålet i denne situasjonen er om ikkje Howarths nedmeiing av Herrem var så stygg at han burde forlatt banen for stygt spel.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skåra på dødballar

Det var alt i alt Lysekloster som ville mest i dei første 45. minuttane. Heia fram av eit solid heimepublikum var dei rapt oppe i dei raudkledde og fekk fleire gunstige brot høgt oppe i banen. Forutan Herrem var Lyseklosters Martin Pedersen fleire gonger frampå. Ein gong hadde han nær ope mål, men skaut i ein Brann-spelar.

Då hadde Brann alt fått hol på nota. Eit hjørnespark hamna på bakerste stolpe og vart heada inn igjen til Torgeir Børven. Øystese-guten fekk uendeleg med tid og skåra sjølv med ein dårleg tuch.

Laga gjekk til pause på stillinga 0-1. Knappe seks minutt ut i andre omgang la Sivert Heltne Nilsen på til 2-0 til Brann etter heading på hjørnespark.

– Det skuffar meg veldig at me får mål i mot på dødballar i dag. Me var veldig førebudde på korleis dei ville utføra desse cornarane, men klarte likevel ikkje demma opp. Surt, sukka Hetlevik.

Five-a-side

Andre omgang vart på mange måter eit antiklimaks. Med publikumsrekord i Lyskloster Framo Idrettspark hadde me fortent meir underhaldning. Etter at Brann låg på til 2-0 vart det stort sett ganske stille blant dei i underkant av 1.500 tilskodarane.

Brann spelte og spelte, medan Lysekloster-spelarane prøvde seg på sporadiske kontringar.

– Eg følte me hadde full kontroll etter pause, og me såg ingen grunn til å stressa for å skåra fleire mål, seier midtbanenestor på Brann, Sivert Heltne Nilsen.

Ruben Hetlevik er samd i at det vart litt tammare etter kvilen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me hadde som mål å stå høgare mot slutten av kampen, men etter å ha løpt mykje i mellom var det tydeleg at gutane var slitne. Uansett kunne me fått eit mål eller to. Både Kristoffer (Østervold) og eit par andre hadde nokre greie moglegheiter på heading, men me hadde ikkje marginane med oss i dag, seier Hetlevik.

No kan Lysekloster uansett fullt ut konsentrera seg om å halda fram i godt spor i serien. Søndag tek dei imot Ålesund-laget Herd.

NM i fotball, 2. runde

Lysekloster Idrettspark

Tilskuertall: 1495

Beste Lysekloster-spelarar: *** Håkon Moldeklev, ** Martin Pedersen, * Denis Ljubovic

Dommer: Sivert Amland, Kringlebotn

Mål: 0–1 Torgeir Børven (25.), 0–2 Sivert Heltne Nilsen (52.)

Gule kort: Joakim Helland, Lysekloster. Vidar Ari Jónsson og Fredrik Haugen, Brann.

Lysekloster (3–4–3): Chris Sunde Midttun – Denis Ljubovic, Durim Muqkurtaj, Kapinga Brazy (Marius Hodne Sivertsen fra 72) – Thorvald Trætteberg, Vladan Radojkic (Håkon Kvittingen fra 82), Joakim Helland, Martin Pedersen – Håkon Moldeklev, Kristoffer Østervold, Ole Thomas Herrem (Ken Joar Føyen fra 19).

Brann (4–3–3): Alex Horwath – Vidar Ari Jónsson, Bismar Acosta, Azar Karadas, Amin Nouri – Fredrik Haugen (Halldor Stenevik fra 60), Sivert Heltne Nilsen (Kristoffer Barmen fra 82), Peter Orry Larsen – Deyver Vega (Marius Bildøy fra 82), Torgeir Børven, Kasper Skaanes.